— Vi får stadig nye eksempel på produkt som i testar viser seg ikkje å tilfredsstille krava i lover og forskrifter, seier Tom Bolstad i Forbrukerrådet. Sjølve har Forbrukerrådet gjort slike testar to gonger på elektrisk utstyr. Begge gongene fann dei produkt som var direkte farlege, for eksempel brannfarlege lamper.Avdelingsdirektøren meiner det er på tide med ein debatt rundt at stadig meir av kvalitetskontrollen blir overlatt til produsentane, medan dei offentlege kontrollorgana blir bygd ned.- Det er grunn til å stoppe opp og tenkje seg om. Tendensen burde vore motsett, med ei oppbygging av tilsynsapparatet, i og med at produsentane har fått så stort ansvar og stor makt, seier Bolstad.