– Prosessen med konsekvensutgreiing ber ferdig for fleire månader sidan, men vi har ikkje sett noko til proposisjonen, seier Halleraker.

Han etterlyste framdrifta for denne bompengeproposisjonen for eitt og eit halvt år sidan. Då svara samferdsleminister Liv Signe Navarsete at proposisjonen kjem til Stortinget når konsekvensanalysen er ferdig, seier Halleraker.

Trenering

Halleraker undrast om saka blir trenert sidan andre har kome raskare gjennom.

– Det har gått rykte om at det manglar ein del pengar på finansieringssida, men både kommunane og fylket har fått beskjed om at saka ikkje skal til ny vurdering lokalt, seier Halleraker, og konkluderer med at det er i Vegdirektoratet eller departementet problemet ligg.

– I tilfelle det er pengar som manglar, har Høgre sett av 40 millionar kroner av ekstramilliarden i vårt framlegg til stats-budsjett, sa Halleraker på eit møte i Voss Høgre torsdag kveld.

Vidare mot Sogn

Vossapakko inneheld nytt kryss på Stanghelle, tunnel bak Vangen på E16, utbetring av parsellen Palmafossen-Mønshaugen og tunnelar forbi Skjervet og til Granvinvatnet på riksveg 13. Pro-sjekta skal i stor grad finansierast med bompengar ved Voss sine grenser mot Vaksdal og Granvin.

Fjellkvaliteten ved Skjervet eignar seg betre enn fyllitten bak Vangen til arbeidet mellom Palmafossen og Mønshaugen. Difor er det aktuelt å byrja der. Halleraker viser til at parsellen frå Lundarosen (austenden av Vangstunnelen) til Løne på E16 er oppført i andre halvdel av transportplanperioden.

Stordrift

– Flytter ein denne parsellen fram til første halvdel av planperioden, kan ein få meir effektiv anleggsdrift. Ein slepp nedrigging etter Vangstunnelen og opp-rigging til neste etappe, seier Halleraker.

Statens vegvesen har sett i gang plan-arbeidet for strekninga Lundarosen – Oppheim, langt forbi Løne.

Bergens Tidende