Navarsete fekk onsdag vitjing av partikollegane Sigrid Brattebø Handegård, Magnar Lussand og Bente Bondhus frå Hordaland. Dei er sterkt uroa over at Miljøverndepartementet sin tidsbruk med reguleringsplanane for områda ved alternative tunnelmunningar i Kvinnherad.

— For kvar dag som går minskar sjansane for dei beste løysingane, løysingar som også miljøverninteressene kan akseptera, seier Sigrid Brattebø Handegård.

Dette er statsråden samd i, og vil pressa på for å få saka fram for regjeringa. Deretter skal arbeidet lysast ut med alternative tunnellengder, og innkomne tilbod vurderast.

Miljøverndepartementet reagerte på ein klage frå Naturvernforbundet Hordaland på reguleringsplanen som Kvinnherad vedtok, og skal slutthandsama planen i departementet. Naturvernforbundet meiner at ein steinfylling i forlenginga av ein kort tunnel vil øydeleggja det særmerkte grendemiljøet i Nordrepollen. Synfaring er halden.

Det kortaste alternativet vil føra veg på høg fylling gjennom grenda Nordrepollen i Kvinnherad. Det nest lengste fører tunnelen forbi grenda. Det lengste unngår også eit rasutsett parti vidare mot Austrepollen, men få trur at ein så lang tunnel blir bygt. Til no er berre den kortaste tunnelen finansiert, og det er usikkert korleis ekstra pengar til ein lengre tunnel kan skaffast, sidan dette er eit fylkesvegprosjekt med avgrensa statstilskot.