OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noDen politimelde daglege leiaren måtte gå på dagen sist veke. Han var saman med tilsette med på å starta verksemda i lokala til tidlegare Nils Geitle hausten 1999. Han har hatt ansvar for sal og marknadsføring, og har for det meste vore stasjonert i Bergen.Underslaget kan ha skjedd ved at varelageret er tappa. Styreleiaren vil ikkje uttala seg om kva summar det er tale om. Misforholdet blei oppdaga i samband med gjennomgangen av 2000-rekneskapen.Voss-lensmann Kåre Rykke stadfestar at saka er politimeldt. Etterforskinga er i startfasen. Det er ifølgje lensmannen ikkje aktuelt med pågriping av den tidlegare daglege leiaren. Kjøtverksemda på Palmafossen har 20 tilsette att etter at slakteriet blei lagt ned i februar for å betra økonomien.