VIDAR YSTADvidar.ystad@bt.noOslo

Det opplyser førstestatsadvokat Arnfinn Hval ved Vestfold og Telemark statsadvokatembete til Bergens Tidendes nettutgave.

Hval orienterte riksadvokatembetet om avgjerda.

— Vi har teke orienteringa til etterretning og legg til grunn at saka blir etterforska, seier assisterande riksadvokat, Hans-Petter Jahre, til Bergens Tidendes nettutgave.

Topp prioritert Det er Telemark politidistrikt som har ansvar for etterforskinga.

Politimeister Geir Sønstebø opplyser at etterforskinga vart starta i dag.

Etterforskinga er prioritert høgt. Sønstebø seier at han tidlegast i løpet av veka vil ha eit resultat.

– Etterforskinga er ikkje retta mot nokon bestemte personar. Vi er oppteken av å få klarlagt faktum i saka, seier Sønstebø.

Han vil ikkje seie noko om korleis etterforskinga blir lagt opp.

Kjente til sex-rykte I dag vart det også kjent at Telemark politidistrikt allereie i fjor sommar fekk kjennskap til at det skal ha skjedd seksuelle overgrep på FpU-landsmøtet i Langesund i fjor.

Det skal ha kome gjennom ein eigenrapport frå ein polititenestemann.

Sønstebø stadfester at politiet har hatt kjennskap til slike opplysningar men vil ikkje gje ytterlegare opplysningar.

Varsla riksadvokaten - Eg har varsla riksadvokaten om kva vi gjer, for at han skal vere orientert, seier Hval.

— Eg snakka med politimeisteren i dag tidleg. Vi var samde om å iverksetje etterforsking, opplyser Hval.

Hval opplyser at grunnlaget for etterforskinga dels blir opplysningane som Cathrin Rustøen kom med under årsmøtet i Hordaland Frp - om at ho skal ha blitt utsett for valdtekt under landsmøtet i FpU i januar i fjor.

Også opplysningane om at ei jente frå Grenland skal ha blitt utsett for «seksuelle overgrep» under det same landsmøtet vil bli etterforska.

— Her er det også bistandsadvokat inne i biletet.

— Nå set vi i gang, så får vi sjå kor langt vi kjem i å klarlegge om det ligg føre straffbare handlingar, seier Hval.

– Plikt Hval seier at politiet har plikt til å igangsette etterforsking når det kjem opplysningar av så alvorleg karakter som i dette tilfellet.

— Vi er då ikkje avhengig av at saka blir meld til politiet sidan dette er forhold som er underlagt ubetinga offentleg påtale, seier Hval.

Samstundes gjer han det klart at bevissituasjonen blir vanskeleggjort ved at ingen opptrer som fornærma.

Hval gjer det klart at politi og påtalemakt i ei slik sak ikkje kan la seg styre av synspunkt eller vurderingar som går ut på at politiet kan bli brukt i ein politisk maktkamp.

— Vi skal søke å klarlegge kva som har skjedd, om det har skjedde straffbare forhold. Det ligg ikkje noko standpunkt i det at vi innleier etterforsking, seier Hval.

For tynt for Bergens-politiet Politimeister Rolf B. Wegner i Bergen politidistrikt seier til Bergens Tidende at han står fast ved at det er uaktuelt for bergenspolitiet å iverksetje etterforsking i denne saka.

Han meiner at opplysningstilfanget er for tynt og upresist. Når den eine fornærma dessutan er vaksen, den påståtte handlinga ligg såpass langt tilbake i tid og saka ikkje er meld til politiet, er det ikkje aktuelt å igangsetje etterforsking.

Les også: 17-åring lettet etter sex-innrømmelse