Mannen som er politimeld skal ha vore aktiv som handverkar i Indre Sogn i fleire år. Skatteetaten har granska ein periode frå 1999 og tre år framover, og meiner ifølgje Sogn Avis at han ikkje har gitt opp ein omsetnad på over 4,5 millionar kroner dei tre åra. Dermed er det snakk om kring 800.000 som er unndrege berre i moms i denne perioden.

Handverkaren som har vore busett i Sogndal, dreiv eit enkeltmannsføretak. Han skal ha vore svært aktiv, og hatt fleire personar i arbeid. Mannen tok på seg fleire større oppdrag, både for næringslivet og privatpersonar.

— Politiet fekk saka oversendt frå fylkesskattekontoret i sommar. Vi har gått gjennom materialet, og det ser veldokumentert ut. Men så langt har vi ikkje hatt høve til å prioritere etterforskinga, seier etterforskingsleiar Einar Christensen ved politistasjonen i Sogndal.

Til Bergens Tidende seier Christensen at mannen ikkje kjem frå Sogn og Fjordane. Han er no dessutan flytta frå fylket, men politiet vil ikkje opplyse kvar han bur. Mannen er så langt ikkje avhøyrt.

— Betyr dette at han er vanskeleg å få fat i?

— Det har eg ingen kommentarar til, svarar Christensen.

Svindelen blei oppdaga gjennom ein såkalla impulskontroll som skattestyremaktene gjennomførte. Fylkesskattekontoret trur handverkaren har drive svindelen lenger enn dei tre åra som er undersøkt, men meiner det vil vere for ressurskrevjande å gå lenger tilbake.

— Må ikkje dei som har leigd inn denne mannen ha vore klar over at han dreiv svart?

— Ikkje nødvendigvis, svarar avdelingssjef Gunnstein Flugheim på fylkesskattekontoret. - Men det kan vere snakk om manglande aktsemd frå bedrifter som har hatt handverkaren i arbeid. I så fall vil det føre til at dei misser frådragsretten, eller må betale tilbake frådrag dei har fått.