Olaf Bratland ved Odda politistasjon presiserer overfor Hardanger Folkeblad at ein direkte samanheng mellom uhellet og dødsfallet førebels ikkje er slått fast.

Han stadfester at politiet har bede om ein legerapport som kan seia noko om årsakssamanhengen.

Ei eldre kvinne vart skyssa i Odda 29. november i år i kommunen sin handikappbil. Ho sat i rullestol som var forsvarleg festa i bilen, men kvinna var ikkje fastspent i rullestolen.

Då bilen bråstogga framfor eit fotgjengarfelt, gleid ho ut av rullestolen, og fekk alvorlege brotskader. Fem dagar seinare døydde ho.

Først etter dødsfallet fekk politiet melding om skaden ho vart påført i den kommunale bilen, og det var pårørande som sa frå. Politiet ser no på saka som ei mogeleg trafikkulykke med personskade og med døden til fylje.