Ho er flaska opp på innlandskultur, men den kommande sjefen for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, KARIANNE HOLMEN, trivst aldeles utmerka som vestlending. Frå vinduet heime i Florø ser ho rett ut mot havgapet.

Der kan ho filosofere rundt forholdet mellom utposten i vest og det sentrale austlandet.

Seg sjølv nok

— Austlendingar burde vore flytta over til Vestlandet, i alle fall for ein periode. Dei klarer ikkje fatte at du kan drive med noko interessant her, ha ei karriere og oppleve kultur. Men oftast er det jo stikk motsett, og Oslo-folk blir oftast seg sjølv nok, meiner ho bestemt.

Og 31-åringen har sjølv etterkvart fått føle på fleire sider av Vestlandet, ikkje minst etter å ha studert i Bergen i seks år. I 1998 bar det tilbake til heimtraktene til jobb ved Prøysen-museet på Ringsaker og produsent for Turneorganisasjonen for Hedmark.

Men i 2001 høyrde ho på nytt ropet frå vest, og hadde først ein periode som kultursjef i Jølster. Deretter tok ho eit prosjektår for å utvikle det faglege innhaldet i bergkunstsenteret som er planlagt på helleristingsfeltet i Ausevika i Florø kommune.

På nyåret skal ho altså vikariere for festivalsjef Hilde Bjørkum, der ho skal arbeide i ein organisasjon prega av sterke personlegdomar. Som sjuande far sit nybakt styreleiar og fylkeskulturdirektør Lidvin Osland, og sjuande mor blir Bjørkum som heller ikkje vil sleppe grepet heilt. Ho skal halde på det faglege ansvaret for den musikalske profilen også for 2004-festivalen.

Folkeleg kultur

— Som vikar er det begrensa kor mykje eg kan og bør snu opp-ned på. Eg ser på dette mykje meir som eit lære-år, der eg skal syte for at festivalen går sin gang, seier Holmen, som får ansvaret for eit arrangement som har selt rundt 30.000 billettar dei seinare åra og blir marknadsført som det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge.

Sjølv karakteriserer ho seg som kreativ, men jordnær og med godt pågangsmot.

— Eg treng utfordringar, vil heile tida lære noko nytt. Derfor trur eg dette oppdraget passar meg bra, seier 31-åringen.

— Får du som festivalsjef nytte av hovudfaget ditt i etnologi?

— Eg håpar det. Etnologi handlar jo om den folkelege kulturen. Det er likevel ein god teoretisk base for meg, og det blir spennande å arbeide med festivalen med den bakgrunnen eg har.

Heilt ukjent med omreisande artistar er ho heller ikkje, i og med si erfaring frå turnéorganisering i Hedmark, der ho jobba med teater, utstillarar og formidling.

Som bergensarar

Men no har ho funne seg vel til rette i Florø, og skal pendle ein snau time når ho startar på festivalkontoret i Førde.

— Men vestlendingen er jo kjent som både svartsynt og inful?

Men det går ikkje hedmarkingen med på, i alle fall passar det ikkje på dei ho har hatt kontakt med.

— Dei fleste venene mine er faktisk vestlendingar, og florøværingen er litt som bergensaren i væremåte. Faktisk opplever eg Florø som mykje lettare og opnare enn heimtraktene mine. Det indre Austlandet er meir prega av storgardar, der den sosiale rangordninga og dermed jantementaliteten blir meir utprega.

Når Karianne Holmen skal hente inspirasjon, finn ho fram staffeliet.

— Hadde eg ikkje studert etnologi, ville eg starta på Kunst- og handverksskulen og enda opp som grafikar, heilt garantert.

Dermed kjem både teikning, oljemåling og andre uttrykk fram på fritida, og noko av det lagar ho faktisk på bestilling.

— Eg har lagt vekt på å kunne teikne, men det er abstrakte ting eg lagar, seier den kommande festivalsjefen.

Det blir uansett så magert med elg i solnedgang for austlendingen. Pittoreske solnedgangar er det flust av i Florø. Elg er det verre med.

TESKEIKJERRINGA: 31-årige Karianne Holmen er frå Alf Prøysen-land, men har gjort vestlending av seg. På nyåret tar ho over som leiar for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.<p/> FOTO: FIRDA TIDEND