Fylkeskommunens favorisering av Ulvik er «egna til å vekkje undring», seier KrF-politikar og psykiater Hans Olav Tungesvik.

— Det forundrar meg veldig sterkt, særleg når ein ser på geografien i Hordaland, seier han.

Hordaland har i dag opptreningssenter i Bergen, Os og på Voss. Tungesvik meiner et nytt senter heller bør plasserast sør i fylket. Og aller helst i Skånevik i Etne, nær grensa til Rogaland, der det ikkje finst eit einaste slikt senter.

Helse Vest er dårlegast i landet når det gjeld rehabilitering. Regionen har 27 plassar pr. 100.000 innbyggjarar. Helse Aust har til samanlikning 71 plassar.

Styret i Helse Vest har difor vedteke å etablere to til fire nye opptreningssenter. Eit vedtak som har utløyst eit kapplaup om å hamne på lista. I august vedtok fylkesutvalet å løyve 800.000 kroner til eit prosjekt i Ulvik.

Ein artikkel om dette i BT sette fart i tanken om å etablere eit opptreningssenter i Etne. Ideen er lansert for ordførar Amund Enge, som vil ta opp tråden:

— Dette er noko vi vil leggje litt arbeid ned i for å sjå om det er noko for oss, seier Enge til Bergens Tidende.

Hans Olav Tungesvik har argumenta klare:

— I Skånevik har vi minst like vakker natur som i Ulvik og minst like stort behov for nye arbeidsplassar.