Klokka 08.40 stoppa eit vogntog i Skjervet i Granvin kommune.

— Den estlandske traileren står i første svingen over brua i Skjervet. Personbilar kan køyra forbi. Snøen lavar ned no og det er sleipt på vegane. Det er no til all lukke siste vinteren vi må slita med vegane i Skjervet, seier politiførstebetjent Audun Høyland ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Klokka 09.20 kolliderte ein personbil og ein varebil på E 16 mellom Vinje og Sundve.

— Det skal vera mindre personskadar, seier Høyland. - To personar som var i den eine bilen er køyrd med ambulanse til Voss sjukehus, seier Høyland.

— Det må vera glatt på vegane der oppe. Vi fekk nett melding om at tre vogntog står fast like i nærleiken, seier Høyland til bt.no klokka 10.40.

Personbilen skal ha sklidd sidelengs inn i fronten på varebilen, seier folk på staden til bt.no.

**Les også:

Bil i fjellveggen på Sotra**

— Hovudvegane er stort sett bra. Folk er blitt meir drivne etter ein lang vinter. No kjem våren snart, men det er typisk at vi då får ein del overraskingar. I Skjervet er ein bergingsbil på staden, seier vaktoperatør Ove Amundsen i Statens vegvesen.

Klokka ti var framleis manuell dirigering både på Vinje og i Skjervet.

Her er oppdaterte vegmeldingar.

VOSSESTRAND: Trafikkulukka skjedde på E 16 mellom Vinje og Sundve. FOTO: Arnstein Karlsen