Midt i heller dystre tider for oppdrettsnæringa inviterte Alsaker Fjordbruk til vårfest for over 400 gjester innan næringa på heile Vestlandet. Med fiskesuppe, dåp, notskiftdemonstrasjon og føredrag ute på den kunstige øya ved Onarheim slo Gerhard Alsaker på stortromma for å muntra opp seg sjølv og kollegar som slit med låge fiskeprisar.

— Måtte all fisken trivast her i Onarheimsfjorden, sa Esther Onarheim idet ho sleppte champagneflaska mot «Onarøy»-flåtens betongside.

Etterpå var det endå meir mat og endå meir fest inne på land ved Alsaker brygge. Også faren til Gerhard Onarheim, Leiv (79), tok del i markeringane på fjorden og stranda framfor heimen sin på Elsåker, sørom Onarheim kyrkje.

Alsaker Fjordbruk har investert over 20 millionar kroner i anlegget som ligg på svai midtfjords, det kan opererast av ein mann og har produksjonskapasitet på 3000 tonn fisk over to år. Hallen på betongflåten kan romma 400 tonn fiskefôr, fredag var han gjort om til føredrags- og festlokale.