— Espevær er ei perle for både vaksne og ungar. Vi angrar ikkje eit sekund på at vi flytta frå byen, seier ekteparet Siv Anita (38) og Arnulf Bie (38). Seks år er gått sidan familien på fem braut opp frå bylivet i Haugesund og flytta til Arnulfs fødestad Espevær.

  • Fleire andre unge familiar har gjort som oss. Det er ein veldig positiv trend på Espevær for tida. Utfordringa er mangelen på hustomter, seier Arnulf Bie frå kaikanten framfor familiens nye hus ved Espevær-sundet.

Med 16 elevar har Espevær skule endeleg distansert seg frå nedleggingsspøkjelset. Det er på tide å oppjustera det offisielle folketalet på 130.

Silde-Klondyke

Som i stordomstida for over hundre år sidan er det fisk som held liv i øysamfunnet på Hordalands sørfront.

Men 20.000 vestlandsfiskarar greier Espevær aldri meir å samla på ein gong, slik det skjedde under det rike vårsildfisket på midten og slutten av 1800-talet.

Dette fisket la grunnlaget for ein solid velstandsvekst for Espevær, som utvikla ein slags bykultur utypisk for resten av Bømlo. Ei tid var det fem butikkar og tre bakeri her.

— Damene på Espevær gjekk gjerne med fjonge hattar og snakka penare enn bømlingar flest. Rikdommen var stor, Espevær var utadretta, og folka her blei opptekne av å ha det fint i båtane og rundt husa sine. Det merkar du enno, seier Jorunn M. Helgesen i Espevær Ferie.

Snudd om

I dag er velstandsfordelinga mellom Espevær og resten av Bømlo kommune endra, meiner Torfinn Bie, pensjonist med omvisarjobb på det historiske Baadehuset på Espevær.

— No finn du rikdommen på Bømlo, medan utviklinga lenge har stått stille på Espevær, seier Torfinn Bie.

Baadehuset på Kjeholmane er symbolet på fordums velstand på Espevær. Stavangermannen Hans Jacob Baade kjøpte 1600-talsbygget då vårsildfiskeria var på topp i 1848 og tilbydde kost og losji til fiskarane. Han dreiv skjenkjestove, bakeri, krambu, tønneverkstad og røykjeri.

Huset kunne som det første i landet installera fiskeritelegrafstasjon i 1857. Då Espevær-formuane forsvann i krakket i 1920-åra, forfall også Baadehuset. Inntil det lokale husmorlaget tok affære femti år seinare og fekk huset restaurert.

Baadehuset er i dag blant Espeværs hyggelege attraksjonar ved sida av hummarparken, hamnemiljøet, UFO-ringen og kabelferja.

Opne armar

— Då vi fekk sjansen til å byggja hus like ved sjøen, var ikkje avgjerda om å flytta til Espevær vanskeleg, seier Arnulf Bie. Han er motormann i fjerde generasjon og jobbar i dag som maskinpassar på rutebåten «Espeværekspressen» som har fast liggjestad eit steinkast frå familien Bie sitt hus.

— I byen dreiv eg eit byggjefirma og arbeidde døgeret rundt. Det var interessant nok det, men til sist hadde eg ikkje meir å gi. Det er herleg å bu ved sjøen og ha ordna fritid, seier Bie.

— Her er absolutt leveleg, så lenge her er butikk og skule. Vi blei mottekne med opne armar straks vi kom hit. Ungane blei inviterte i selskap og fann seg til rette med ein gong, seier Siv Anita Bie, opphavleg frå Skjold og for tida heimeverande.

— Er det ikkje utrygt med ungar leikande i sjøkanten?

— På Espevær er det ein ståande regel at ingen ungar skal vera på kaien eller i båten utan redningsvest eller vaksne til stades, seier Arnulf Bie.

Ute i sundet køyrer dottera Christine (9) jolle med påhengsmotor og Thea S. Øverås (9) og Jonas Øverås (3) som passasjerar - alle iført redningsvest. Storebror Bjørn Bie (11) kosar seg i boblebadet på kaikanten med 37 grader i vatnet.

**Les også:

Over sundet for en femmer** **|

Med rett til å skjenke**

Her kan du besøke BT-båten

Helge Sunde
Helge Sunde