Sykkelturen heim frå fotballtrening 26.mars 1985 endra livet totalt for Espen frå Moster. I halvannan månad låg han i koma etter samanstøyten med ein motorsykkel. Legane gav han dårlege prognosar. Om han overlevde, kom det til å bli eit liv som «grønsak», sa ekspertane.

Med ein veldig treningsiver og med god hjelp av familie og vener har han drive dystre spådommar tilbake. Espen Olsen er ein høgst oppegåande mann, med eige hus og eigen bil. Rett nok med sterke fysiske handikap enno, men med framtidsplanar og livsvilje.

Kanskje spelar han snart fotball igjen også. Med for eksempel Rosenborg, som han kvar sommar følgjer på treningsleir. Eller yndlingsklubben i England, Tottenham, der han gjennom åra er blitt kjent med Osvaldo Ardiles, Terry Sheringham, Erik Thorstvedt og Steffen Iversen. Eller kanskje Brann, der han er på godfot med trenar-Mons, eks Moster.

50 timar i veka

— Det skjer årleg hundrevis av slike ulukker som eg var ute for. Eg bestemte meg straks for å stå på «som ein tulling» for å reisa meg. Og det har eg greidd ved hjelp av Gud og fotballen, seier Espen Olsen.

No er Espen sin lagnad og kamp for eit verdig liv blitt bok, skrive av tidlegare BT-medarbeidar Lars Mæland, i dag nyhenderedaktør i bladet Sunnhordland.

«Mot alle odds - trafikkskadde Espen sine kampar» er tittelen på boka.

— Ei bok til oppmuntring. For å visa andre i liknande situasjonar at det er råd å nå resultat ved å setja seg mål, trena og ikkje gje opp, seier Lars Mæland.

— Mange andre ville med ein slik ublid lagnad ha resignert. Men Espen har stått på, og står framleis på, for å nå sine mål, seier Mæland.

Også tunge stunder

Espen Olsen har eit humør godt over gjennomsnittet. Og det smittar. Venen Erik Thorstvedt reknar Espen som ei stor inspirasjonskjelde med sitt smil og pågangsmot.

Men det har også vore tunge stunder for mostringen. Som i 1996 då han hadde levd like lenge som trafikkoffer som funksjonsfrisk. Han hadde notert datoen, og hadde sagt til Gud at han ville ta livet sitt dersom han ikkje var blitt frisk til den tid.

Han reiste på eit hotell for seg sjølv, og tenkte på å gjera det slutt. Men etter grubling og gråt reiste han heim att.

Han ville leva.

OPPREIST: Han blei spådd eit liv som «grønsak» etter trafikkulukka i 1985. Men intens trening og ståpåvilje har fått Espen Olsen (30) opp og fram. No er livet hans blitt bok.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR