Medan undervisningsdirektør Kjellbjørg Lunde heldt opningstale, var jenta uheldig då ho skulle gje eselet i stallen høy.

— Det var trist og leit det som hende, mest for jenta og tanta som hadde ho med seg. Vi har sendt ei gåve og eit kort til familien, seier prost Svein Arne Theodorsen.

Stord kyrkjelyd har etablert tradisjonen med julestallen på Leirvik torg. I fjor som i år har eselet Oskar frå Huglo vore eit svært populært innslag blant ungane. Etter uhellet laurdag vil kyrkja vurdera om eselet skal brukast meir i det heile. Ifølgje tidlegare avtale med eseleigaren skal Oskar tilbake til stallen neste laurdag.

Oskar er rekna som eit godmodig dyr som er vant til ungar. Eselet skal ikkje ha vore aggressivt då uhellet skjedde, men har truleg bite over handa som var skjult av høy. Jenta fekk stivkrampesprøyte hos lege straks etterpå. Det var sjølve tuppen på langfingeren ovanfor leddet som blei biten av og ikkje var til å berga.