Det opplyser spesialeininga for politisaker i Hamar til Firda torsdag.

Tidlegare politimeister i Sogn og Fjordane, Kjell Ese, avsluttar no den mykje omtalte saka ved å godta bota på vel 30 000 kroner.

Ese fekk bota for å ha vore påverka av alkohol i teneste ei helg i mai 2006. Han var på denne tida den einaste som kunne gjere vedtak om arrestasjon, og gjorde eit slikt vedtak i påverka tilstand.

Bota gjeld og forholdet då han to dagar seinare nekta for å ha vore påverka den aktuelle natta. Kjell Ese trakk seg frå stillinga si 29. november, og har berre kommentert saka i ei pressemelding:

«Natt til laurdag den 27. mai 2006 vart eg på tenestetelefonen heime oppringt i tenestesamanheng. På dette tidspunktet sov eg, meg hadde før eg la meg drukke alkohol. Utan å gå i detalj inneber telefonsamtalen og innhaldet i denne at eg utførde ei tenestehandling.»

Den 1.desember vart Ese ilagd ei bot på 30.000 kroner for dei to forholda av kongen i statsråd.

GODTEK BOT: Kjell Ese må ut med 30.000 når han no vedtek bota han fekk etter å ha vore rusa i teneste som politimeister i Sogn og Fjordane.
Bendiksby, Terje