Etter å ha avvist all straffeskuld då den storstila politiaksjonen blei sett i verk fredag, endra Ervik-sjefane forklaring søndag ettermiddag. I følgje politiet skal alle då ha vedgått i alle fall delar av siktinga.

— Vendinga saka tok søndag var overraskande, seier påtaleansvarleg, politiinspektør Morten Daae, ved Vest-Finnmark politidistrikt i Hammerfest.

Dagleg leiar og driftssjefen i Ervik Havfiske blei pågripne fredag. Laurdag blei mannskapssjefen i selskapet arrestert. Driftssjefen er i tillegg eigar og sit i styret for selskapet.

Sluttsetlane

Etter det Bergens Tidende kjenner til har dei tre tilstått at det har blitt juksa med sluttsetlane ved leveransar til eit fiskemottak i Havøysund i Finnmark. Når fangstar blei levert på kaia, har fisk blitt skrive som andre fiskeslag enn det reelt var på sluttsetelen. Torsk har eksempelvis blitt ført som uer. I tillegg har det også blitt levert meir fisk enn det som har stått på sluttsetelen.

— Betyr dette at politiet meiner selskapet har overfiska kvotane sine?

— Dette er noko vi håpar å avklare gjennom den vidare etterforskinga. Men det må jo vere ein grunn til at dette er blitt gjort, seier Daae.

Mottaket der det blei fuska, Havøysund Fisk & Industri, er no konkurs. Det same er eigarselskapet, Scanfish i Hammerfest.

Sette fri

Ingen av dei sikta ville i går snakke med pressa. Dagleg leiar i selskapet la sågar munnkorg på advokaten sin, Richard Bjerk. Men driftsleiaren valde å snakke gjennom sin advokat, Jan E. Holvik.

— Min klient har erkjent det han er sikta for, stadfestar Holvik.

— No håpar vi at dette roar seg litt ned, og at det blir behandla vidare som ei heilt ordinær straffesak som anten kan ende i førelegg eller i rettssalen. Min klient vil prøve å komme tilbake til normalt liv igjen og drive selskapet vidare.

— Er det mogeleg etter det som har skjedd?

— Ja, kvifor ikkje? Båtane er jo ute på sjøen, seier Holvik.

Som ein konsekvens av tilståingane trekte politiet måndag morgon kravet om varetektsfengsling for dei tre. Samstundes blei dei sette fri.

Fleire til avhøyr

Politiadvokat Øivind Olseng i Økokrim seier til Bergens Tidende, at avgjerda blei tatt på bakgrunn av den endra forklaringa som kom i politiavhøyr søndag.

— Det var sjølvsagt medverkande. Etter ein gjennomgang av beslaglagt materiale meiner vi i tillegg at det ikkje lenger er fare for at bevis skal gå tapt.

I dagane framover vil politiet konsentrere seg om å gå gjennom beslaglagt materiale.

— Vi har gjennomført beslag på dei plassane vi i utgangspunktet hadde bestemt oss for. Per i dag har vi ikkje planar om ytterlegare ransakingar, seier spesialetterforskar Inge Haugen i Økokrim.

I tillegg vil ei rekkje personar bli kalla inn til avhøyr. Dette gjeld både styremedlemer og tilsette i Ervik Havfiske.

Politiet utelukkar ikkje at fleire personar kan bli sikta i saka.