— Den verste form for statleg tjuveri, seier Morten Samskott. Trønderen, som gifta seg til ein av dei største skogeigedommane i Voss kommune, ser oppover mot skogen og bekken han ikkje lenger kan utnytta som han ønskjer. Halvparten av om lag tusen dekar med produktiv skog ligg innanfor Nærøyfjorden landskapsvernområde og er underlagt strenge hogstreglar. Planen om eit minikraftverk i bekken på Fyrde-garden ved Stalheim må Samskott skrinleggja.

— Eg var motstandar av vernet heilt frå prosessen vart opna, og har ikkje sett gode for-argument etter vedtaket i 2002, heller, seier Samskott med beitande sauer og kyr rundt seg på innmarka.

Får erstatning

Staten gir ein hundrelapp i året for kvar sau, som ekstratilskot til bøndene for at dyra skal halda kulturlandskapet i verneområdet i hevd. Morten Samskott er også i posisjon til å få erstatning for skogen, men er likevel ikkje nøgd.

— Uttak av skog var ein god del av driftsgrunnlaget på garden før. No veit vi ikkje kva erstatning vi får, skogeigarlaget sin advokat tek seg av oppgjeret med staten, seier Samskott.

Etter at fylkesmennene har samla inn tusenvis av erstatningskrav landet rundt, er det Regjeringsadvokaten og Direktoratet for naturforvaltning (DN) som for tida arbeider på spreng for å få alle erstatningssakene i hamn innan 1. juli 2012. Målet er å få det til gjennom frivillige avtalar, for å unngå tidkrevjande og dyre rettsprosessar.

- Sett på vent

— Alle saker blei sett på vent i 2002, og det oppstod eit stort etterslep. Det er no sett i gong ein prosess for å få oppgjera unna, seier Olav Nord-Varhaug, sjef for nasjonalparkseksjonen i DN. Sjølve erstatningsutmålinga er det Regjeringsadvokaten som står for. Verken direktoratet eller Regjeringsadvokaten har oversyn over kor mange erstatningssaker det dreier seg om. Nye erstatningsreglar i Naturmangfaldlova av 2009 fekk tilbakeverkande kraft til 1. januar 2002.

I Hordaland har over 300 grunneigarar areal innanfor Folgefonna nasjonalpark og dei fire landskapsvernområda rundt. Under ein tidel av dei har meldt krav om erstatning, ifølgje Anniken Friis, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland. Mange har innsett at regelverket ikkje gir dei rett til erstatning.

— Eg tippar det kokar ned til fem-seks erstatningssaker som følgje av reglane i den nye lova. Forvaltningsordninga for området tillet både beiting og mykje anna landbruksdrift. Produktiv skog, som i Ænesdalen i Kvinnherad, utløyser erstatningsplikt, seier Friis.

Dronninga opna

Laurdag 14. mai 2005: Dronning Sonja står ved Bondhusvatnet i Kvinnherad og skriv namnet sitt på ein kampestein etter å ha opna Folgefonna nasjonalpark offisielt. Det er strålande vêr og breie smil hos alle som er til stades, miljøvernminister Knut Arild Hareide, kulturminister Valgerd Svarstad Haugland, turlagsfolk, naturvernarar og andre.

Men i nabodalføret knyter bønder nevane i lomma i sinne over det som skjer, og held seg unna markeringa.

— Vi kallar det for historias største landrøveri, seier Oddvar Enæs i dag. I 2005 såg han store deler av skogen sin i Ænesdalen gå inn som landskapsvernområde i Folgefonna nasjonalpark.

— Same kva vi får av pengar, så går det ikkje an å vera nøgd. Garden har vore basert på skog- og sagbruk i generasjonar, men no er vi heimjagde frå skogen, seier Enæs, som i dag arbeider for ein fiskeoppdrettar. Han er innvilga 300.000 kroner i forskot på erstatningsoppgjeret, men må betala tilbake pengar dersom Regjeringsadvokaten kjem til eit lågare sluttresultat.

GRAPH1.jpg