Nantika Kristin Nord (12), Erik Kilen Leine (12) og to klassevenninner blei ståande fast på ei øy i ei elv i Utladalen i Øvre Årdal i fleire timar tysdag kveld.

– Vi skulle ut og bade, det var ikkje så høgt vatn eller straum der då, så vi gjekk ut på øya. Vi bada litt og gjekk inn i skogen. Då vi kom ut igjen var det plutseleg veldig høgt vatn, fortel Nantika.

Les også: — Eg batt meg fast i ei line og sumde over

Dei fire borna prøvde å gå inn igjen til land, men måtte gje opp.

– Ei datt uti og heldt på å fare med straumen, men eg klarte å ta imot ho, og fekk drege ho på land, fortel Erik.

– Vi blei ganske redde, seier Nantika.

Skreik etter hjelp

Ungane måtte snu tilbake til øya.

– Ein av oss skreik etter hjelp, og vi blei hørt av eit eldre par som kom gåande på vegen oppafor. Dei henta fleire folk som ringde vidare til politiet, fortel Nantika.

Ei femte venninne av vennegjengen som eigentleg skulle vere med å bade, men som kom for seint, stod att på fastlandet. Ho varsla foreldra til venene.

Fleire av ungane hadde også med seg mobiltelefon, og fekk kontakt med foreldra på den måten. Norsk Folkehjelp og politi kom til staden for å hjelpe borna.

– Dei byrja å kasta tau ut til øya. Til slutt kom han eine seg over, og hadde med seg tørre kle til oss, fortel Erik.

Kaldt på øya

– Korleis hadde de det på øya?

– Vi var kalde. Vi hadde berre bikini og handklea var blaute, fortel Nantika.

Gleda var difor stor då redningsmannskapet nådde fram til øya med gummibåt.

– Eg var glad vi slapp å vere ute i vatnet igjen.

Når bt.no pratar med Nantika er ho vel heime igjen etter ein dramatisk kveld. Telefonen har kimt frå venner og kjende som lurer på korleis det står til.

– Det var ganske skummelt og skremmande. Eg trur ikkje eg kjem til å bade der meir på ei stund, seier ho.

Siren Svortevik/porten.no
- SKREMMANDE: ¿ Det var ganske skummelt og skremmande. Eg trur ikkje eg kjem til å bade der meir på ei stund, seier Nantika Kristin Nord (12).