Begge dei omkomne hadde lang fartstid bak spakane. 50-åringen, som førte småflyet då det styrta like ved flyplassen på Sandane, var framleis yrkesflygar. Sæbbøe var no pensjonist, men dreiv framleis som flyinstruktør.

Egil Sæbbø har to gonger overlevd dramatiske hendingar. I 1997 greidde han å lande med eit sjøfly etter at motoren svikta i ei høgde av 4000 fot. Men fem ungdommar om bord manøvrerte han flyet ned på Hafslovatnet i Indre Sogn. I samband med landinga flaug han, utan motorkraft, under eit leidningsspenn. Flyekspertar karakteriserte pilotens handteringa av den kritiske situasjonen som eit meisterstykke.

Året etter førte han sjøflyet som under landing tippa rundt i Geirangerfjorden på Sunnmøre. Sæbbø greidde å komme seg ut av flyet som låg opp ned i sjøen. Det greidde derimot ikkje dei fire tyske turistane som hadde vore med på rundturen. Alle miste livet.

Det sjølvbygde flyet var av typen Falco. Småflyet var det einaste av sitt slag her i landet.

Piloten hadde brukt 11 år på å byggje flyet som han første gong fekk på vengene i 1992.

Falco er eit einmotorsfly med to sete. Til småfly å vere, er dette ein flytype som kan komme opp i relativt stor fart. Falco-flyet er også mykje nytta for akrobatikkflyging.

TO OMKOM: Småflyet havarerte ved Finnvika, nordøst for Sandane lufthavn.
FOTO: ODDLEIV APNESETH