Det presiserer dagleg leiar Christian Landaas overfor BT.

– Me hadde eit synleg utslepp som varte i 90 minutt torsdag morgon. Dette skuldast at me i ein periode tilsette for mykje lut i renseanlegget vårt, som følgje av at dose-ringspumpa svikta. Dette førte til at utsleppsvatnet heldt for høg PH-verdi, og noko av sinkoksidet løyste seg opp i utsleppsvatnet, skriv Landaas i ei pressemel-ding.

1,8 kilo

Når dette vatnet kjem i kontakt med fjorden og vert nøytralisert, reagerer sinken i avløpsvatnet med «nøytralt» sjøvatn, og vert omdanna til sinkoksid. Denne prosessen er svært synleg og gjev ein gråkvit farge.

– Utsleppet estimerer me til om lag 1,8 kilo – men altså ikkje bly, understrekar Landaas.

Dermed tilbakeviser han Høyanger-politiet sin påstand om at det var bly i utsleppsvatnet. Han er likevel den første til å beklaga at verksemda slepte ut meir enn kva konsesjonen deira tillet.

– Me jobbar kontinuerleg med å forbetra oss og målet er sjølvsagt å liggja godt in-nanfor konsesjonsrammene, seier Landaas.

– Ikkje bra

– Sinkoksid vert ikkje rekna for eit tungmetall. Likevel er det ikkje bra å sleppa ut for høge konsentrasjonar, seier Harald Sørby, seksjonssjef i seksjon for mineralsk og petrokjemisk industri i Statens Forurensingstilsyn (SFT).

Eras Metal vart meldt til politiet etter eit blyutslepp på 130 kilo i Høyangerfjorden i september i fjor. Saka er framleis til vurdering hos SFT.