Søndag skreiv BT at idrettsrådet i Os kjenner seg tilsidesett av kommunen, og at dei er misnøgde med det dei meiner er for lite overføringar til idrett over kommunebudsjettet.

Måndag kveld hadde idrettsrådet i Os møte med kommunen for å rydde opp i kommunikasjonsproblem og klager. Ordførar Terje Søviknes, rådmann i Os, Knut Terje Rekve, nyinnsett kultursjef Lisbeth Akselsen og kommunaldirektør for samfunnsutvikling, Karl Ole Midtbø, møtte fem frå styret i idrettsrådet.

— Eg kan bekrefte at vi fekk rydda opp i ein del feiltolkingar. Blant anna når det gjeld kulturhuset og korleis det vert finansiert, seier Rekve.

Ordførar Terje Søviknes gler seg dessutan over at idrettsrådet på møtet gav uttrykk for at dei stiller seg bak bygginga av kulturhuset.

— Mykje av problemstillinga rundt økonomien i idrettslaga heng saman med tap av inntekter via spelemidlar. Vi diskuterte korleis kommunen kan møte dette. Vi snakka om tilskot til idretten i ei eller anna form, og då prioritert gjennom idrettsrådet. Her må vi finna ei ordning, med det ansvaret ligg ikkje hos administrasjonen, seier Rekve.

Han understrekar at dei er så godt som ferdige med neste års budsjett, og at eventuelle auka tilskot må kome som politiske utspel.

Høge renter

Terje Søviknes på sin side, tykte det var greitt å få tydelege prioriteringar frå idretten. Av to ting dei var opptekne av - generell driftsstøtte til laga og rentekompensasjon for sein utbetaling av spelemidlar - valde dei klart rentekompensasjon.

— Kan de gje dei det?

— Det kan vi ikkje seie noko om no. Vi får ta det etter kvart.

— Men kan de love at de skal hjelpe dei idrettslaga som slit mest?

— Det er særleg Søfteland Idrettslag som slit, fordi dei har ei relativt ny kunstgrasbane med stort lån. I første omgang har vi bedt idrettsrådet om å gje oss ei oversikt over kva rentebelastning dei ulike laga har, svarar Søviknes.

Ordføraren understrekar at det er to faktorar som har ramma idretten, som ikkje har med Os kommune å gjere: Bortfallet av spelemidlar og det auka rentenivået.

Tek sjølvkritikk

Rådmann Rekve meiner at mykje av usemja hadde vore rydda opp i om møtet hadde vorte halde tidlegare.

— Men tek dykk sjølvkritikk på at idrettsrådet føler at dei ikkje er blitt høyrd?

— Her har det vore nokre uheldige omstende. Brev frå dei er blitt behandla som innspel til politiske saker, og har derfor gått gjennom kommuneorgana, seier Rekve.

— Brevet som var skrive i august, vart handsama som innspel til budsjettprosessen. Men her kan vi sjølvsagt betre rutinane, for det har kanskje vore svikt i tilbakemeldingane.

Grethe Søviknes, leiar i Os Idrettsråd, seier også at det var eit positivt møte.

Ho er glad for at det i framtida blir eit tettare samarbeid mellom kommune og idrettsrådet. Kultursjefen skal om mogleg vere med på møter i idrettsrådet, og Grethe Søviknes har allereie avtalt å ha eit nytt møte med kultursjefen for å finne ut korleis samarbeidet kan utviklast.

Ho håper at det kan kome auka tilskot til idretten, og trur på at kommune kjem til å umake seg for å få det til.

— Men vi forstår at kommunen er inne i ein økonomisk vanskeleg periode. Og at alle vil ha pengar.

KLAGA PÅ KOMMUNEN: Os idrettsråd hadde 31 idrettslag i ryggen då dei på trykk i BT sist søndag teikna eit bilete av Os som ein kommune som ikkje prioriterer idrett. Måndag kveld hadde dei eit oppklåringsmøte med kommuneleiinga. Leiar i Os Idrettsråd, Grethe Søviknes.
Odd Mehus