— Dette er produksjon i veldig liten skala, seier Turid Alice Skjervheim med trykk på veldig. For fjerde året har ho eksperimentert med logo-eple, og no ligg julevarianten og skin i gardsmatbutikken i Øystese.

— Eg har prøvd meg fram og tilbake, og i år har eg funne ein lim som fungerer godt, fortel Skjervheim, som limer små transparentar på epla tre til fire veker før innhaustinga. Det er eit dillearbeid, som krev ein stor porsjon tolmod. Siste solmodninga skal så sørgja for at bokstavane trer tydeleg fram. Så mykje sol fekk ikkje årets eple på seg, og Skjervheim hadde ønskt seg «god jul» i meir klartekst. Men kundane er fascinerte, og skeptikarane blir mektig imponerte når dei oppdagar at epla er ekte vare.

Ikkje til å bli rik av

I Ytre Ålvik har Skjervheim 15 dekar med epletre, og det er tørka eple som er hovudsatsingsområdet hennar. Logo-epla er tenkt meir som eit lite, eksklusivt ekstraprodukt. I år er stykkprisen per eple kr 20.

— Det er ikkje noko eg blir rik av, for å seia det sånn, ler Skjervheim, som jobbar på Gardsbutikken i Øystese når ho ikkje passar fruktgarden.

Ikkje påskeeple

Jula varer som kjent til påske, men god påske-eple har Skjervheim ingen planar om.

— Nei, når den tida kjem er det ikkje norske eple å oppdriva. Og det skal det ikkje vera heller. Vi sprøytar ikkje epla våre, så sesongen varer i beste fall til februar, fortel Skjervheim, som likevel ikkje manglar idear til kva ho kan skriva på epla sine.

— God bedring-eple må vera tingen å ha med seg på sjukebesøk, tenkjer fruktdesignaren høgt.

EKTE JULEEPLE: Fruktbonde Turid Alice Skjervheim produserer eple med bodskap. Epla er absoluttetande, det har Mattilsynetkontrollert. FOTO. STEINAR HYSTAD