Skilnadene er enorme i den norske einskapsskulen. Økonomi, geografi og skulestruktur i kommunane avgjer kor mykje pengar som blir investert i elevane.

— Vi har ingen norsk einskapsskule om vi ser på ressursbruk og læringsmiljø. Derimot har vi det på den måten at elevane har ein felles læreplan, seier Helga Hjetland, leiar i Utdanningsforbundet.

— Men har ressursbruken så mykje å seie for resultatet elevane sit att med etter ti år på skulebenken?

— Vi meiner det betyr ein god del. Vi veit at elevane trivst betre i eit velhalde skulebygg og med nok lærarar rundt seg. I tillegg veit vi frå granskingar i andre land at elevar i små klassar gjer det betre enn dei som går i store.

Skulestrukturen er veldig avgjerande for ressursbruken i grunnskulen. Mange og små skular er dyrare i drift enn store sentralskular. Lange avstander fører dessutan til store skyssutgifter.

— Spesielt kommunar med fleire ungdomsskular, gjerne også små skular, får store kostnader. Dette forklarar kvifor Gulen, som har fire kombinerte barne- og ungdomsskular, brukar så mykje per elev, seier undervisningsdirektør i Sogn og Fjordane, Bjørn Tønnesen.

Men samstundes er det klart at økonomien i den enkelte kommune også spelar inn. Og den får også innverknad i klagesaker. Til Bergens Tidende seier Tønnesen at dei skjelar til kommuneøkonomien før dei avgjer klager.

— Mange klager frå foreldre går på at det er tildelt for få timar til spesialundervisning. I slike tilfelle ser vi på kva nivå kommunen har lagt seg på.

— Korleis rimar det med ideala om likskap i den norske skulen?

— Det spørsmålet kan sjølvsagt stillast, men det er vanskeleg å finne andre måtar å gjere det på.