TERJE ULVEDAL

Tysdag kveld la støttegruppa strategien for ein innsamlingsaksjon som skal sikre 200.000 kroner til å føre ei ankesak for lagmannsretten. Og vennegruppa til Olga og Tanja Belik har fått ein «flying start». Etter at Bergens Tidende skreiv om innsamlingsplanane i tysdagsavisa, tok det ikkje lang tid før telefonane tok til å kime.

— Dei første oppringingane frå folk som ville støtte ein slik aksjon kom tidleg tysdag morgon. Men alt måndag kveld fekk eg telefonar frå folk som spurde kva dei kunne gjere for å hjelpe, fortel Gjertrud Håland i Flåm.

- Vesentlege summar

Støttegruppa har blitt kontakta av ei rekkje personar frå heile Sør-Noreg som vil hjelpe. Ein organisasjon på Sørlandet vil gå rundt med bøsser for å samle inn pengar.

— Engasjementet er svært stort. Frå Vestlandet har det ringt folk frå Stavanger til Møre. Og eg har hatt telefonar frå Oslo og Porsgrunn, seier Håland.

Frå Bergen har støttegruppa alt fått lovnader om konkret støtte.

— Eg ønskjer ikkje å seie kor mykje pengar det er snakk om, men eg kan seie så mykje at det er vesentlege summar, seier Leif Inge Underdal i støttegruppa.

Dei kunngjorde i går innsamlingsaksjonen via media.

— Dette er den første saka der sexhandel er ein del av grunnlaget for opphaldsløyve, og Utlendingsdirektoratet nektar å ta saka opp for full utlendingsnemnd. Vi ønskjer å hjelpe jentene til å klare ein anke til rettsapparatet, heiter det i appellen om å støtte den landsomfattande aksjonen.

Til Bergens Tidende seier Underdal at dei vil ta direkte kontakt med private bedrifter og offentlege institusjonar for å be om pengestøtte. I første omgang vil dei vende seg til næringslivet i Indre Sogn.

Kommunal støtte

Aurland kommune har engasjert seg sterkt i Belik-familiens kamp. Ordførar Olav Ellingsen seier han i dag vil lufte tanken om kommunal støtte til innsamlingsaksjonen i formannskapet.

— Mi personlege meining er at kommunen bør støtte denne aksjonen. Men dette må sjølvsagt klarerast i politiske organ, seier Ellingsen.

Aurland-ordføraren har personleg engasjert seg sterkt i saka, og fleire gonger kontakta sentrale styremakter.

— Denne familien er innbyggjarar i Aurland. Dei er fullt integrerte, og tek del i samfunnet på lik linje med andre som bur her. Det denne familien opplever føler eg er fullstendig urimeleg, og for meg er det eit paradoks at det er media som må til for å setje søkjelyset på ei slik sak, seier Ellingsen.

Støttegruppa har oppretta ein konto for innsamlingsaksjonen i den lokale sparebanken. Dersom innsamlinga går godt, kan det bli oppretta ei stifting eller eit fond der føremålet blir å hjelpe andre offer for trafficking.

Stor belastning

— Det har vore ei stor belastning for familien å få så sterkt fokus på seg over så lang tid. Familien håpar at deira offer vil tene både deira sak, og hjelpe andre i same situasjon som ikkje får så stor merksemd, seier Leif Inge Underdal.

Utfallet av innsamlingsaksjonen vil avgjere om saka blir anka.

— Ei ny runde i lagmannsretten gjer at familien kanskje treng bortimot 200.000 kroner. Dei har ikkje sjanse til å reise ein slik sum sjølve. Vi har kring ein månad på oss til å samle inn pengane, seier Underdal.

Olga og Tanja Belik rømde til Norge etter å ha blitt truga med at dei skulle seljast som sexslavar i heimlandet. Dette skjedde etter at mor deira først hadde flykta fordi ho blei forfølgd som politisk opposisjonell. Jentene fekk avslag på opphald, og har gått til sak mot staten. Måndag kom dommen som frifann Utlendingsnemnda. Dersom dommen blir ståande, blir jentene sende tilbake til heimlandet Moldova.