Fire tilbod er med i konkurransen om ferjedrifta i Balestrandavsnittet (Vangsnes-Hella-Dragsvik) og mellom Mannheller og Fodnes i Sogn. Dei to tilboda som ligg mellom høgste og lågaste, lydde på 34,5 millionar og vel 28 millionar kroner.

— Det kan synest rart med så store skilnader, men ein må ha i mente at tilbodet gjeld to samband i åtte år, påpeikar Eli Marita Vik Næss ved regionvegkontoret overfor Bergens Tidende.

— Korleis?

— Summen vi er ute etter, er skilnaden mellom forventa inntekter etter takstregulativet og pårekna kostnader. Dersom eit selskap, som eit tenkt døme, meiner at dei årlege kostnadene for kvart av sambanda blir 10 millionar kroner høgare enn billettinntektene av forventa trafikk, vil tilbodsprisen bli 160 millionar kroner. Eit selskap som har tru på at inntektene dekker kostnadene, kan levera eit tilbod på null.

— Sist var det vel nokon som baud under null også? Dei ville betala for å få konsesjonen.

— Det stemmer. Den gongen vart berre Mannheller-Fodnes utlyst, og dei ville bruka berre ei ferje. Men vi hadde ikkje regelverk som tillet nokon å betala det offentlege for å få konsesjon. Difor vart Fjord 1 sin konsesjon forlenga. Dei vann tilbodstevlinga den gongen sambandet vart opna.

— Kva er skilnaden no?

— Vi krev at det skal brukast to ferjer på Mannheller-Fodnes, og vi har med Balestrandavsnittet i same pakken. Tilbodsperioden gjeld i åtte år frå 1. januar 2008.

— Kvifor pakkeløysing?

— Fordi vi vil prøva ei slik løysing i marknaden. Eg trur det kan vera ein fordel at same selskap har desse to avsnitta, om det til dømes skulle bli behov for reserveferje.

— Må det setjast inn nye farty?

— Det har vi ikkje stilt krav om.

— Kven får jobben?

— Den som leverer lågaste pris, vinn konkurransen. Vi har no to månader på oss til å sjå etter om alle formelle og tekniske krav i konkurransegrunnlaget er oppfylt. Deretter vil vinnaren bli kunngjort, seier Næss.