Kronprinsen kom til eit Sogndal bada i sol og sommarvarme i går. Ruteflyet fra Oslo med Kronprinsen om bord landa på Sogndal Lufthamn klokka 9.45, og Haakon starta sitt 45 minuttar lag innlegg med å skryte av det fantastiske landskapet han hadde opplevd.

Pedagogen Haakon

Kronprinsen, som er engasjert av FN for å følge opp organisasjonens tusenårsmål om miljø og utvikling, hadde tittelen «å gjere en forskjell» på sitt foredrag.

Og det var ein opplagt og engasjert kronprins elevane fekk møte.

— Jeg snakker til dere her på Sogndal fordi jeg vet at våre handlinger faktisk gjør en forskjell, sa kronprinsen.

Deretter teikna han opp verdsbiletet, illustrert ulikskapane og urettferda i forhold til fattigdom, levealder og utvikling. Vidare skisserte han FNs erklærte tusenårsmål, definerte kva han meiner med utvikling, fortalde om sine inntrykk frå reiser, blant anna til Sierra Leone - eit av verdas aller fattigast land. Og ikkje minst tok han opp spørsmålet rundt kva kvar einskild av oss kan gjere for å dreie verdsutviklinga i positiv retning.

- Verdighet på spill

— Det er vår egen verdighet som står på spill. Dette er fordi vår egen verdighet henger nøye sammen med andre menneskers verdighet, sa kronprinsen til elevane.

Han la vekt på at dagens unge har ein unik sjanse til å få slutt på den ekstreme fattigdommen i verda.

— Vi er de første som har kunnskap og verktøy som kan løse disse spørsmålene.

Han advarte dei unge mot å bli handlingslamma og overvelda av dei store spørsmåla.

— Å hjelpe bare ett eneste menneske, for eksempel med skolegang, gjør en forskjell, sa han, og oppfordra elevane til å vere aktive i nærmiljøet, på skulen, i fritidsklubben og på idrettsbana.

— Vær forbilder, og finn dere plasser der dere kan engasjere dere positivt, var oppfordringa.

Etter foredraget fekk kronpinsen ein direkte dialog med elevar utan journalistar til stades. Deretter var det tid for lunsj med inviterte gjester, før kronprinsen fekk ei omvising på Fosshaugane Campus.

VARM VELKOMST. Kronprins Haakon kom til eit sommervarmt Sognda i går for å snakka om å gjere ein forskjell.