— Eg ber retten sjå bort frå det eg sa i politiavhøyr i januar i fjor. Eg var stressa, og hadde ingen dokument føre meg, sa Kvalheim.

Eit av dei mest omstridde punkta i tiltalen mot den daglege leiaren i konkursråka OK-Fish Kvalheim, gjeld salet av dei to dotterselskapa Unifisk og Bortne i desember 2000. Pan Fish ASA kjøpte dei to selskapa i desember 2000, ein knapp månad før Økokrim aksjonerte mot fiskeeksportøren.

I politiavhøyr i midten av januar sa Kvalheim at Pan Fish betalte 60 millionar for dei to anlegga.

Seinare har det komme fram at den reelle kjøpesummen var 81,6 millionar. For i tillegg til kjøpesummen på 60 mill. som gjekk inn til OK-Fish Kvalheim, blei det overført 21,6 mill. til eit anna selskap Kvalheim eigde, Pering AS.

No innrømmer Kvalheim at den reelle kjøpesummen for dei to anlegga var 81,6 millionar. Oppgjeret skjedde i forma av 18 millionar kroner i kontantar, og resen i Pan-aksjar.

— Eg reagerer sterkt på det du no seier. Dette er noko heilt anna enn du forklart i politiavhøyr, sa aktor Petter Nordeng. - Eg erkjenner det, men det var i eit avhøyr i ein veldig spesielle situasjon for meg, ikkje lenge etter at eg hadde blitt pågripen. Salet av dei to selskapa er ein del av utruskapstiltalen mot Kvalheim. Dersom tingretten dømmer Kvalheim på dette punktet, kan det føre til at Økokrim startar etterforsking mot leiinga i Pan Fish.

SVINDELTILTALT: Jarle Kvalheim
Arkivfoto: Fjordanes Tidende