Rådmannen i Eidfjord tilrår at det vert bygt vass— og avløpsanlegg for vel 6,2 millionar kroner ved toppen av Vøringsfossen.

Det kan «letta trykket» for mange turistar og nokre fåe fastbuande på Fossatrommi, deriblant Lise Nilsen. For å få fortgang i saka, la ho i sommar ut bilete på internett av turistar som tissa i skogen.

Etter rådmannen sitt framlegg skal avløpsprosjektet detaljplanleggast med tanke på utbygging i 2006. Formannskapet får saka på bordet rett over helga.

På same møtet skal dei vedta nye gebyrsatsar som "skal følast mest mogeleg rettferdig for brukaren" og gje kommunen høve til å dekka kostnadane sine.

BOMMELOM: På nettsiden til Vøringfossen finner du bilder av turister som går på do i skogen. «Please do NOT use the forest», står det øverst.