For 90 år sidan, i 1915, fatta representantane i daverande Innvik kommune vedtak om å bygge veg som skulle binde saman Nordfjordeid og Stryn langs nordsida av Nordfjorden.

I dag kunne fylkesordførar Nils R. Sandal endeleg klippe snora for sambandet, da den siste parsellen på 5,1 kilometer av fylkesveg 698 mellom Hennebygda og Hopland vart opna.

Vegen bind saman dei to kommunane og bygdene på kvar side av kommunegrensa, og opnar for samarbeid om kulturarrangement så vel som næriongsverksemd og arbeidsliv.

Vegen vil også bli ein storslagen turistveg, med ei rekke utsiktspunkt og tilgang til mykje urørt natur.

Vegen er finansiert av fylkeskommunen saman med Eid og Stryn, har kosta 30 millionar kroner og hatt to års byggetid. Vegen ligg i svært sidebratt terreng, er fire meter brei, har på det meste ti prosent stigning og 314 meter som høgste punkt.

PANORAMA: Storslagen utsikt over Nordfjorden under vegopninga i dag.
ODDLEIV APNESETH (MMS)
VEGENS FAR: Fylkesmann Nils R. Sandal fikk æra av å opna vegen.
ODDLEIV APNESETH (MMS)