— Eg ser etter særmerkte fargenyansar og oskeavsetningar i glasuren. Her var det mykje lekkert, konstaterer ho.

Linda Lid våga seg inn i den kjempesvære omnen sin på Nesthus etter to vekers nedkjøling. Då var temperaturen framleis tropisk, rundt 50 grader Celsius.

Store format

— Eg kunne nok ha opna dørene tre-fire dagar før, og fått raskare nedkjøling, men eg ville vera på den sikre sida. Opnar du før temperaturen er nede i 200 grader, kan keramikken sprekka, forklarerer Lid til Bergens Tidende.

Den svære omnen ho har bygt under torvtak i tunet på Nesthus, rommar heile seks kubikkmeter. Til omn og skorstein brukte ho 22 tonn eldfast murstein. Det gjekk med meir enn fire mål ved til den intense fyringa, og 2500 kilo leire til å dreia dei gjenstandane som fekk plass i omnen. Urner og figurar, opp mot halvmeteren høge, dominerer. Men her er også vide fat, og ein del små gjenstandar inniblant, som koppar og krus.

Kostbar metode

— Vellykka, er kunstnaren sin eigen dom over første brenninga i heimelaga omn. Oppvarminga til 1300 grader har diorsteina leira og gitt gjenstandane den gløden og merka etter oske som ho var ute etter.

Spørsmålet er no om publikum har same smaken som kunstnaren.

— Keramikken har ingen verdi så lenge han blir ståande i hyllene og utover golvet her på verkstaden, innser ho.

Laurdag er ho klar til å ta mot dei første kundane i låven på Nesthus, på sørsida av Vangsvatnet på Voss. Der skal det vera salsutstilling i ei god veke.

Dei siste dagane har ho panelt veggene i keramikkverkstaden og farta rundt til arrangørar av kunstutstillingar. Arbeida hennar kan dukka opp på Voss Kunstlag si juleutstilling i Kinokjellaren, og på ei utstilling i Ålvik. No gjeld det å selja keramikk for rundt 100.000 kroner, elles går første brenninga i den kjempesvære omnen med underskot.

Internasjonal lærdom

Linda Lid er fødd på Voss og oppvaksen på Lid i Bergsdalen. Ho fekk grunnopplæringa i keramikk under eit opphald på New Zealand, i Auckland 1996-97. Blant læremeistrane er også Erik Blindheim, som også held til på sørsida av Vangsvatnet, på Eimstad. Ho har elles vore på kurs fleire stader i Frankrike, på Korsika, i Brasil og i Danmark. Vedfyring er ikkje vanleg metode blant keramikarar flest.