ERLEND SPURKELAND

Lensmannshuset har glidd inn som ein naturleg del av det forblåste gardstunet yttarst på Lygra. Med fri utsikt til fjord, lynghei og skipslei. Med frittgåande høns, kyr, grisar og sauer rundt omkring.

Huset er frå 1770 og låg opprinneleg på Eikangervåg. Men då eigaren skulle byggja nytt på Lensmannshaugen, måtte Lensmannhuset bort. Døskeland fekk tilbod om å overta det gratis, mot at han demonterte og fjerna det. Ellers ville det bli brent ned. Fire personar, inklusiv lygrabonden sjølv, har siste året jobba berre med innreiinga. Siste månaden har vore ein kamp mot tida for å få det ferdig til første gruppa, som booka inn for allereie eit år sidan.

Omgangsskule

Huset har overnattingsplass til 12 personar. Topp moderne kvalitetar kombinert med dei gamle innreiingsdetaljane. Sju dobbeltrom, fem bad, tre stover og kjøken fordelt på totalt 260 kvadratmeter i to etasjar. Gamle gardsmøblar og meir moderne om ein annan.

Spisebordet var tidlegare nytta i omgangsskulen på Lygra. Utelampen frå tjueåra er frå eit gammalt hus på Syslak. Utanom Lensmannshuset er det plass til 10-12 gjestar i andre gardshus på bruket. Grupper kan stella maten sjølv, eller få den servert i huset eller på Lyngheisenteret. Lygren Døskeland tilrår gjerne lokalmat som villsau eller lygrapotet med sild frå Lindåsosane attåt.

Lokale varer

Tradisjonsbonden Jacob Lygren Døskeland framhevar det lokale i alt arbeidet med Lensmannshuset. Furukledning frå husets heimlege Eikanger-trakter, skifer frå det gamle skulehuset på Festo, trappestein frå Lygra, lemstrapp frå trappefabrikk i Meland og ull frå Hillesvåg ullvarefabrikk som tetningsmiddel.

— Men lysbrytarane er importerte. Berre i Sverige hadde dei brytarar som passa til lafting, fortel verten, som har søkt på internett og reist Nordhordland på kryss og tvers på leiting etter detaljar til «sitt» hus.

Overnattingsproblem

Mangel på overnattingstilbod har vore eit problem for Lyngheisenteret heilt sidan starten for fire år sidan. Kurs- og konferansemarkedet har styrt utanom sidan det ikkje var overnattingsmoglegheiter her ute. No er dette historie. Grupper på inntil 25 kan få full forpleiing i husa på den kuturhistoriske garden på Lygra. Gjerne kombinert med aktivitetar på sjølve Lyngheisenteret. Dagleg leiar der, Kari Nybø, ser eit klart potensiale i det nye tilbodet:

— Eg gler meg til det kjem i gang for alvor, seier ho forventningsfullt.

MED LOKAL FORANKRING: Med Lyngheisenteret som næraste nabo, glir Lensmannshuset inn i terreng og miljø på Lygra. Topp materiell luksus for 12 personar pakka inn i nordhordlandsk tradisjon og kvalitet. <p/> FOTO: ERLEND SPURKELAND