Ein tydeleg stolt fembarnsfar tok onsdag føremiddag mot bt.no på det vesle rommet på Åsgården Motell der heile familien bur inntil vidare.

— Eg veit det blir litt av ein jobb å ta seg av fem små ungar. Men det skal bli kjekt, smiler Isse. Han ligg strekk ut på golvet. Køyrer ein leikebil, pakkar ein ball, leikar med dei små. Den eldste i søskenflokken er sju, den yngste ni månader.

— Det blei seint i går. Men vi har sove godt alle. Og ete ein god frukost. No har vi det bra, seier han.

Døydde i barselseng

Fembarnsfaren flykta frå det krigsherja Somalia og kom til Norge i november 2002. Isse fekk raskt innvilga opphaldsløyve, han kunne dokumentere ein dramatisk bakgrunn og legitim grunn til å flykte.

Men heime i Somalia sat den gravide kona hans med fire små ungar. Også dei ville til Norge, og la i veg mot hovudstaden Addis Abeba i nabolandet Etiopia. Men på vegen døydde mora i ein etiopisk landsby då ho skulle føde deira femte barn. Barnet, ein gut, overlevde.

Etter gravferda tok ei ung mor seg av dei fem ungane, utan å ane at dei hadde ein far. Men i bagasjen til dei morlause borna fann kvinna ein lapp med nokre tal på. Det var telefonnummeret til Solbakken asylmottak i Florø, der Isse hadde blitt plassert.

— Då vi fekk telefonen forstod vi raskt at det måtte vere borna til Isse det var snakk om, fortel mottaksleiar Kåre Antonsen ved Solbakken asylmottak.

Berre dagar om å gjere

Dette skjedde i ein periode då den norske ambassaden i Addis Abeba var stengt på grunna av terrortruslar. Ved asylmottaket måtte dei difor sjå seg om etter alternative måtar å handtere den kinkige saka på. Løysinga blei Kirkens Nødhjelp. Dei greidde å spore opp dei fem små, ordna plass på ein barneheim i Addis Abeba og betalte for opphaldet.

— Utan Kirkens Nødhjelp hadde dette aldri enda bra. Med det vi veit no, stod det om dagar. Den unge mora greidde ikkje å ta seg av ungane. Dei var i ferd med å bli sette på gata då Kirkens Nødhjelp kom inn i bildet. Om så hadde skjedd, er det er vel høgst tvilsamt om dei ville overlevd. I alle fall dei minste ville hatt små sjansar, meiner Antonsen.

Rett før jul sa Utlendingsdirektoratet ja til søknaden om familiegjenforening, og sist torsdag sette Isse og Leni A. Notø frå asylmottaket i Florø seg på flyet mot den etiopiske hovudstaden. Fredag såg Isse borna sine att for første gong etter at han flykta. Og for første gong fekk han sjå den yngste sonen. Etter ein 19 timar langt flytur landa dei fem på flyplassen i Florø seint tysdag.

Stolt far

— No har vi nådd første målet, å få ungane gjenforeint med far i Florø, seier Kåre Antonsen. Det neste no blir å hjelpe Isse og familien. Parallellt startar arbeidet med å finne ein kommune som familien kan busetje seg i.

— Det er slett ikkje sikkert det blir her i Flora. Men ein eller annan plass på Vestlandet blir det, seier mottaksleiaren, som overtydd om at det vil gå bra med den somaliske familien. Og det er veldig kjekt å sjå ein så stolt og glad far som Isse.

SAMAN: Isse Hassan Mohamed har fått sitt største ønskje oppfylt, å få ha dei fem borna rundt seg. Den ministe såg han for første gong for sist veke - han vart fødd etter at Isse flykta til Noreg.<br/>FOTO: TERJE ULVEDAL