I Bavallen har kunstsnø frå snøkanonar sytt for brukande løyper sidan jul. Med tre nye heisar i gang i dag, er halvparten av dei ti skiheisane i alpinanlegget opna. Kveldskøyringa på onsdagar og fredagar opnar komande onsdag.

Vind rett veg

— Det har ikkje kome stort meir enn 30 centimeter nysnø, men vinden var ekstra snill med oss, fortel disponent Per Inge Brekke i Voss Fjellheisar AS til Bergens Tidende.

Vinden blåste rette vegen. Snøen vart blåst inn i løypene, eller rettare sagt, inn i dei stusslege beltespora som har markert alpinløypene til no denne sesongen.

— Ville du ha brukt flunkande nye ski eller snøbrett?

— I Bavallen er det flotte tilhøve, men på Hangurssida og ned mot Tråstølen hadde eg kanskje satsa på gamleskia. Det ein viss fare for at småstein og kvistar han ha blanda seg med den sparsame mengda med snø, åtvarar Brekke.

Også Hangursrestauranten opnar i dag, i tillegg til Varmestova i Bavallen. Derimot er Storastovo nedunder Slettafjellet framleis stengt, til liks med løypene og skitrekka i dette området. Storslalåmløypa vil ikkje vera preparert i full breidde heilt øvst.

Improvisering

Den seine sesongstarten har gjort det turvande å improvisera på mange område. Mellom anna har Voss skiskule hatt all undervisning i Bavallen, langt frå kontoret og øvingsområda ved Hangursrestauranten. Likevel har skifolket ikkje mist motet.

— Vi kan ikkje la oss slå i bakken av dommedagsprofetiar om sommar heile året, seier Per Inge Brekke.

Han minner om at sesongen starta 24. februar for nøyaktig ti år sidan. Vinteren 1996 var dei mest populære løypene på Slettafjellet opne i berre fire dagar, i påska. På den andre sida er det berre tre år sidan alpinanlegget opna tidleg i november.

— Vi er vande med at dette varierer, og innimellom får vi ein skikkeleg skrell, slik som i 1996, seier Brekke.

Han har slett ikkje avbestilt den nye ekspressheisen til 40 millionar kroner som det no er hogge ut trasé for gjennom skogen i Bavallslia, Her er det klart for heisbygging til våren og opning så snart snøen kjem til hausten.

Snøholer

Også ved Alliert Treningssenter Sør (ATS/S) vert det improvisert.

— Det er så lite snø på Mjølfjell at køyring med snøscooter gir stor slitasje både på materiell og terreng, fortel oberstløytnant Oddmund Nygård til Bergens Tidende.

Difor er eit snøscooterkurs for britiske soldatar utsett, førebels i ei veke, frå komande veke til veka etter.

— Vi har greidd å oppnå måla våre ved å bruka kunstsnøen i Bavallen og ein del økter i Myrkdalen til skikurs. Dessutan er det snø nok til dei fleste øvingane på Vikafjellet, seier Nygård.

Men graving av snøholer har dei utsett.

— Hadde eg sendt heile staben på leiting med søkestenger, skulle vi nok ha funne djupe nok fonner til å garva ei snøhole eller to, men ikkje til 20 attmed kvarandre, som vi ofte treng, seier oberstløytnanten.

— Kva med å skrapa saman snø til ein svær haug?

— Det gjer vi ofte i undervisningssamanheng i leiren, men som regel berre til ei demonstrasjonshole. Då kan vi skjera av ein del snø, og syna korleis snøhola ser ut i tverrsnitt, forklarer Nygård.

PÅ HØG TID: Snøkanonene har etter kvart fått etterlengta hjelp frånaturen sjølv, og no opnar omsider fleire av skiheisane på Voss. ARKIVFOTO: BJØRN ERIK LARSEN