— No må tida for omkampar vere forbi, seier Anne Gine Hestetun (Ap).

Leiaren av Komite for miljø og byutvikling (KMBY) var tydeleg nøgd med at bystyret i går vedtok Høghusplanen, slik komiteens arbeidsgruppe hadde foreslått.

Vedtaket betyr at det berre blir høghus, det vil seie hus mellom 27 og 50 meter, på Nedre Nygård, Nonneseterkvartalet, og Hegreneset. I tillegg opnar bystyret for høghus på Mølleneset ved Store Lungegårsdvann, men først etter ei høyringsrunde.

Vedtaket betyr kroken på døra for høghuset Ørnen, i tillegg til Jonsvoll og Nøstet.

Har mista pusten

— Eg er både vonbroten og overraska. Dette var eit særs godt byutviklingsprosjekt, seier utbyggjar Ole Jan Strønen.

Han seier han fekk positive signal frå ulikt politisk hald for hotellprosjektet i Jonsvollkvartalet, og konstaterer no at ikkje alle stod løpet ut.

Men i går ville han ikkje seie kven som har skuffa han mest.

— Vedtaket er gjort og det lyt eg retta meg etter.

— Kva gjer du no?

— Først må eg få pusten attende og svelgja vonbrotet. Eg har brukt mykje ressursar over lang tid, og må planleggja på ny med dei rammene bystyret har sett, seier Strønen.

Slutt for vinglarane

Gårsdagens bystyrevedtak betyr etter alt og dømme slutten på lang tids vingling i saka. Då komiteen behandla saka 31. august, gav Frp fleirtal med byrådspartia for å bygge over 27 meter både på Nøstet og Jonsvoll.

Men i bystyret i går hadde Frp snudd, og stemte med venstresida for ei melding som setje stopp for høghus på desse to tomtane.

  • Det handlar om ein demokratisk prosess. Vi følgde det som kom fram på eit medlemsmøte vi hadde for eit år sidan om Høghusmeldinga, seier Henning Nilsen, som sit i KMBY for Frp.

— Og det hadde de gløymd då de stemte over saka i komiteen?

— He, he. Det var ei avgjersle prega av at det var eit anna fleirtal i komitegruppa enn det er i bystyregruppa, seier han, som sjølv følgde resten av gruppa i bystyret.

Nybakt mor med makt

Eit anna parti som har gjort mykje for å kvalifisere seg til vingleprisen, er Høgre. I mai gjekk byrådet med Høgre i spissen inn for både Strøen sine planar på Jonsvoll, og Neumann sitt høghus på Nøstet.

I midten av august gjekk så ei tverrpolitisk arbeidsgruppe i KMBY inn for å seie nei til desse prosjekta. Høgres Johan J. Horn var ein del av semja, og de fleste rekna dermed med at Høgre hadde snudd.

Men på veg frå arbeidsgruppe til endeleg komitehandsaming snudde partiet igjen. På gårsdagens bystyremøte peika komiteleiar Hestetun (Ap) ut ein skuldig for den operasjonen, den nybakte mora Monica Mæland (H):

— Eg veit at Horn er ein rettskaffen mann, men vi veit alle kva slags prestisje byrådsleiar i permisjon har lagt i denne saka.

HØYT HOTELL: Bystyret sa nei til planer om høyhus i Jonsvollkvartalet.