ØRJAN HATTEBERG

— Hei, vesle krabat!

Løytnant John W. Olsen har knapt kome i land før han får si fire månader gamle dotter Hedda i armane. Det er seks veker sidan sist. Ubåtkaien på Haakonsvern var åstad for mykje kyssing og klemming då KNM «Uthaug» la til kai i går.

Olsen var saman med resten av mannskapet uvitande om at familie, vener og forsvarsleiinga stod på kai og venta. Kona hans Tonje Olsen hadde møtt opp med videokamera for å foreviga møtet mellom mannen John og dottera Hedda.

Kort pappapermisjon

Mens andre tek permisjon når dei får born, måtte John W. Olsen reisa på internasjonalt oppdrag med ubåten KNM «Uthaug». Han fekk vera heime under fødselen til sin førstefødde. Han fekk fri dei påfølgjande fire vekene, men så mønstra han på for teneste i Middelhavet. Olsen har vore heime tre gonger i mellomtida, og har fått besøk av kone og born i Tyrkia. Likevel var det ei spesiell oppleving for den nyutvida familien.

— Det har vore blanda kjensler å vera så mykje vekke frå Hedda, men det har gått betre enn eg hadde venta. Då eg fekk vita at vi skulle ut i oppdrag, kom det ein liten reaksjon. Det tok det litt tid før det sank inn. Men etter lange samtalar heime, og takka vere ein skjønsam arbeidsgjevar, klarte vi å finna fram til gode ordningar, fortel John W. Olsen Kona Tonje Olsen har klart situasjonen fint, men hadde gjerne sett det annleis.

— Det har gått greitt, men det har òg hatt sine dårlege sider. Eg har hatt mykje opplevingar med Hedda som eg gjerne skulle delt med han. Det er mange ting med Hedda si utvikling som eg ønskjer han kunne ha fått oppleva. Så eg skulle gjerne hatt han heime, fortel Tonje Olsen.

No ventar det bornedåp og ein lang ferie på den gjenforente familien.

Oppdrag for NATO

Ubåten KNM «Uthaug» har i fem månader vore del av ein større NATO-styrke i Middelhavet. Oppdraget var ein del av USA sin kamp mot terror. Den norske ubåten har overvåka den sivile skipstrafikken i den austlege delen av Middelhavet.

Forsvaret er svært godt nøgd med det utførte oppdraget. Difor valte dei å gjera stor stas på mannskapet. Forsvarssjef general Sigurd Frisvold stod i spissen for fleire representantar for forsvarsleiinga som tok imot ubåten då den la til kai. Han takka mannskapet for framifrå innsats, og delte ut medaljar for internasjonal teneste til dei.

— Vi er stolt over den jobben som de har utført, og over dykkar oppofrande innsats for freden, sa Frisvold til det heimkomne ubåtmannskapet.