— I 17 år har vi masa på vegstyresmaktene om ein tunnel forbi bygda vår. Derfor er dagen i dag svært gledeleg, seier Gullborg Rongved til bt.no.

Saman med resten av bygdefolket frå Boge, og mange andre, var ho til stades midt inne i Bogetunnelen onsdag føremiddag då regionvegsjef Ole Chr. Torpp klypte snora.

Vegen gjennom Boge var lokalvegen som vart Europaveg, og som no i ti år har vore ein del av det viktigaste vegsambandet mellom Bergen og Oslo.

Trafikken har delt bygda i to. Gangtrafikk langs vegen har berre vore mogleg klint inn til muren eller halvvegs i grøfta.

— Hadde vi ikkje fått løyvinga på vegbudsjettet for to år sidan, er eg sikker på at det hadde gått mange, mange år enno før den nye vegen hadde kome, seier Gullborg Rongved.

Den nye vegen er 2,2 kilometer lang, med ein tunnel på 2 kilometer under Boge. Arbeidet tok til sommaren 2001, og prisen er 80 millionar kroner.

NY TUNNEL: Regionvegsjef Ole Chr. Torpp klypte snora og opna Bogetunnelen onsdag føremiddag. Til venstre for Torpp står ordføraren i Vaksdal, Øyvind Olsnes, og på andre sida fungerande vegsjef i Hordaland, Jann B. Jensen.
Foto: Arne Nilsen