Bt.no møter 92-åringen på hans daglege tur i nærbutikken på Seimsfoss i Kvinnherad. Det var her han tradisjonen tru leverte Lotto-kupongen som gav storvinsten sist laurdag.

Kaspar Hjelmeland er på veg ut i bilen med varme komler (raspeballar) i handleposen. Han stoppar straks opp, for dette er ikkje ein kar som skuggar banen for ein prat.

— Mange snakkar om lottovinsten. Det er ikkje noko problem, det er berre ein kort overgang, seier han.

- Kalde komler

— Vel, vel. No blir komlene kalde medan eg snakkar. Men det gjer heller ingen ting, eg har då straum heime til å varma dei opp med, ler den spreke 92-åringen under capsen.

Norsk Tipping brukte to dagar på å få kontakt med lottovinnaren frå Dimmelsvik i Kvinnherad, for Kaspar Hjelmeland hadde sagt opp abonnementet sitt på fasttelefon.

Hjelmeland er ein kjend person for dei som har køyrt langs Kvinnherad-vegane ein mannsalder eller to. Den tidlegare yrkessjåføren har køyrt både buss og eigen lastebil, mest det siste. Han sit seg framleis bak rattet i sin vesle Toyota personbil frå 1990.

Ny bil og Hurtigruta

— Eg har køyrt bil heilt sidan eg tok sertifikat den 12.desember 1936, og har ikkje tenkt å gi meg enno, seier Hjelmeland bestemt.

Neste veke har han tenkt å bestilla seg ein ny bil, truleg ein liten Mercedes. Elles har han ikkje tenkt å lata lottomillionane endra særleg mykje av livsførsla.

— Å, det blir nok tur med Hurtigruta til sommaren. Eg hadde faktisk tenkt å bestilla før jul, men då var eg sjuk.

— Eg kjem til å invitera med ei god venninne som har hjelpt meg mykje dei siste åra, seier han.

— Gratulera, Kaspar. Dette fortener du, seier ein mann som handhelsar i butikkdøra.

— Ja, eg gjer nok det. Eg har gjort jobben min i livet, svarar lottomillionæren.

- Aldri hatt lukke

— Eg har nok aldri hatt noko lukke. Eg har vore uheldig og fått meg ymse kroppslege skader, men helsa har no helst vore veldig god, seier Hjelmeland og blir rørt når han fortel om sonen han mista for snart 20 år sidan.

Heile vegen ut til bilen pratar 92-åringen ivrig. Om lastebilar, snøbrøyting, USA, søvnproblem og journalisten sine anar. Men ikkje minst om islendingen Erlingur Nielsson som kom til Seimsfoss og overtok butikken der i 2005.

— Det er jo han som er årsak til at eg vann! Ein fantastisk type med ein eineståande familie, seier Kaspar Hjelmeland, set seg i bilen og køyrer kjapt ut på riksveg 48 og dei par kilometrane heim til Dimmelsvik og komlemiddag, som er fast torsdagsmeny.

DAGLEG TUR: Lottovinnar Kaspar Hjelmeland (92) er så å seia dagleg på Spar-butikken på Seimsfoss der han kjøpte lottokupongen som gjekk inn med sju rette tal sist laurdag.FOTO: Ørjan Deisz