— Bakkavegen er stengd av ras! Akkurat slik lyder den garantert mest oppleste vegmeldinga frå Fylkesnytt, NRK Sogn og Fjordane dei siste fem vintrane.

Rask hol-jobb

Den 27. mars i år var holet gjennom fjellet utsprengt. Det gjekk raskt unna, når maskinene først kom i gang på tunnelen med fire meter køyrebane og ni møteplassar.

I går kom altså den store dagen, med offisiell tunnelopning. Ein tryggare vinter er i sikte for folket i Bakka, når dei køyrer til og frå E 16 og Gudvangen.

Ikkje heilt rasfritt

— Tunnelen blir eit kjempeframskritt for tryggleiken, men vi må nok leva med litt ras på vegen utanfor tunnelområdet. Det seier ein av pensjonistane i bygda etter snorklippinga i går. Tunnelen på 1754 meter, og til ein kostnad på om lag 41 millionar, er bygd som spleiselag mellom staten, fylkeskommunen og Aurland kommune.

Vegen til Bakka ligg i bratt og svært rasfarleg terreng. Typisk for vegen var den stengd også på dagen då entreprenørane i januar i fjor var på synfaring, for å gi anbud. Men anbudet kom i mars, og første salve vart avfyrt 23. mai 2000.

SPLEISELAG: Eks-fylkesordførar Sjur Hopperstad, ordførar Ivar- Bjarne Underdal og vegsjef Lars Lefdal representerte dei tre bidragsytarane ved tunnelopninga på Bakkavegen fredag.
FOTO: ARNE VEUM