Saka om den forsmådde og sterkt provoserte ektemannen frå Sogn gjekk landet rundt i fjor haust, og har no funne si endelege løysing. Det er attpåtil ein prinsipiell dom landets øvste domstol har sagt.

Etter ei helg hjå elskaren sin i Bergen kom kona heim og fortalde mannen at ho hadde hatt den finaste helga på mange år, og at ho ville skiljast. Mannen reagerte med å sparke henne i leggen og å spytte.

Han vart frifunnen i tingretten, medan Gulating lagmannsrett gav mannen ei bot på 8000 kroner.

Mannen anka til høgsterett, med krav om at frifinninga frå tingretten måtte bli ståande fordi politiet hadde henlagt saka først.

No har høgsterett slått fast at bøtestraffa frå Gulating lagmannsrett blir ståande.