Uansett korleis det går i årets lønsoppgjer vil dei fleste av oss truleg få nok eit år med solid reallønsvekst. Statlege og private spåmenn reknar med ein lønsvekst rundt fire prosent i år, medan prisveksten truleg blir rundt 1,5 prosent.

Det betyr at den verkelege verdien på lønsveksten blir rundt 2,5 prosent, noko som er eit solid lønsløft i historisk samanheng.

Når LO og NHO møttes for å overlevere krava klokka 13 i dag, måndag, kravde LO at kjøpekrafta skal sikrast. Det betyr minst 1,5 prosent lønsvekst, altså det same som prisveksten.

Har allereie fått nok

— Vi vil ta omsyn til at det i delar av norsk næringsliv ikkje går så bra. For mange er oppseiingar og nedleggingar eitt faktum. Den situasjonen skal vi ta med oss. Det som gjer det komplisert er at det går veldig bra i dei andre bransjane, seier LO-leiar Roar Flåthen til NTB.

Kjøpekraftforbetring var òg kravet frå LO i fjor. Som i fjor har òg mange grupper allereie fått kravet innfridd, fordi lønstillegg på tampen av fjoråret gjer at løna i snitt i år blir over 1,5 prosent høgare enn i fjor.

Spesielt i offentleg sektor er dette såkalla lønsoverhenget stort: Statleg tilsette har allereie fått 2,5 prosent lønstillegg før årets lønsoppgjer byrjar, medan tilsette i kommunane har fått 2,25 prosent.

Men ingen trur arbeidstakarane må nøye seg med dette. Spåmennene i SSB, Norges Bank og Finansdepartementet spår ein lønsvekst på rundt 4 prosent, medan ekspertane i dei store bankane spår 4,2 prosent.

Vil ha nulloppgjer

Årets lønsoppgjer er eit såkalla mellomoppgjer, noko som betyr at det berre er snakk om pengar ikkje store reformer. LO vil likevel setje i gang ein diskusjon med motparten for å få pensjonar inn i tariffavtalane, i oppgjeret i 2014.

NHO har til no kategorisk avvist dette, men ifølgje VG har næringslivsorganisasjonen likevel opna for ei løysing der dei set ned eit utval som skal diskutere saka.

Motkravet skal vere at LO i år går med på null i sentrale tillegg for gruppene i privat sektor som kan forhandle om lokale tillegg.

Det òg var eit NHO-krav i fjor, då dei enda med å akseptere eit sentralt tillegg på 2,15 prosent.

For arbeidsgjevarane er null i sentralt tillegg viktig, fordi det gjer at bedrifter som går godt kan gje tillegg medan bedrifter som går dårleg slepp.

Offentleg joker

Det er viktig på grunn av den mykje omtalte todelinga av norsk industri, i ein oljerelatert del som går godt og eksportindustrien elles som er sterkt prega av krisa i Europa.

I fjor vart landet kasta ut i ein av dei mest omfattande streikane i offentleg sektor i historia. Streiken var utløyst av ei krangel om få kroner, der det var viktig for fagorganisasjonane å sikre medlemmene like mykje som privat sektor fekk. Det gjorde dei til slutt.

Unio, som organiserer flest i offentleg sektor, har som hovudkrav at utdanning må løne seg. Som tidlegare vil dei truleg krevje å få like mykje som dei reknar med eit snitt av arbeidarane og funksjonærane i industrien får.

Men streiken i fjor vart etter kvart relativt upopulær, og dei fleste reknar med at det skal ein del til før den historia gjentek seg i år.