Med det nye skitrekket til ti millionar kroner er skianlegget ved Voss Fjellandsby i Myrkdalen kome i kategorien med meir enn 600 meters høgdeskilnad mellom lågaste dalstasjon til høgste toppstasjon. Det kan leggast ei samanhengande løype på meir enn fire kilometer med god unnahalling, ned til den flunkande nye Myrkdalsstovo (450 meter over havet) med mat og varme.

Til saman er det investert meir enn 40 millionar kroner i anlegget framfor og i løpet av denne vintersesongen.

– Eg er stolt over at eit skitrekk vert kalla opp etter meg, sa Kari Traa, og ynskte Myrkdalen lykke til med søknaden om å få VM i kulekøyring i 2013.

– Eg har alltid vore mest glad i unnabakkar på ski. Heime på Lydvo var mutro og pappa skitrekk då eg var lita, røpa ho.

Eigentleg skulle Kari Traa-trekket vore ferdig til sesongstart, men fylkesmannen var redd reinsdyra i Stølsheimen og på Vikafjellet skulle bli plaga. Difor er toppstasjonen flytta eit par master ned, med eit litt større naturinngrep som resultat. Men avstigingsområdet har fått ei godt brukande utforming.

Tidstapet er langt på veg kompensert med heisbygging midt på vinteren, med omfattande snømåking. Vossafirmaet TaubaneTeknikk gjorde arbeidet ferdig sist helg, med fire-fem meter snø over fundamenta der mastene er festa. Flage Maskin har under vanskelege tilhøve lagt fram straum-kabel til trekket.

Skitrekket er 1350 meter langt, har 90 krokar og ein kapasitet på 800 personar i timen. Høgdeskilnaden er 340 meter. Det går frå stølsområdet i Vetlebotn 720 meter over havet opp mot Storebottseggi 1060 m.o.h. og opnar for flott utsikt, fine løyper og laussnøområde.

GUDMOR: En stolt Kari Traa avdekker navneskiltet til det nye trekket.
Arne Hofseth
OPPTUR: Kari Traa har begynt den 1350 meter lange turen til toppen av trekket.
Arne Hofseth