I alt er det 500 millionar å hente i årlege innsparingar ved dei fire metallverka på Vestlandet.

Eitt av tiltaka er ytterlegare slanking av talet på tilsette i Årdal og Høyanger og på Karmøy og Sunndalsøra. Nedbemanning og andre kostnadskutt skal gjennomførast innan 1. juli neste år.