Denne tildelinga skjer berre eitt år etter at Eidfjord fekk prisen for «best utbyggjing av cruisehamn» for året 2005.

Reiselivsdirektør Helge Møller i Reisemål Hardanger Fjord AS opplyser til Bergens Tidende at prisen vert utdelt i dag på ei tilstelling i cruisehovudstaden Miami i Florida, USA. Anne-Beth Skjæveland frå Destination Eidfjord tek i mot prisen.

Den nye prisen heiter på engelsk «most improved destination».

– No er det heile kommunen som får utmerkinga. Det er eit resultat av dei store investeringane som er gjort i reiselivet. Sidan Hardangervidda Natursenter Eidfjord vart opna i 1995, har det vore satsa målretta på å utvikle heile Eidfjord til eit stort og internasjonalt reiselivsprodukt. Tettstaden har fått eit heilt nytt andlet, ikkje minst takka vere det nye Quality Resort & Hotel Vøringfoss og Galleri Bergslien. Hardangerviddahallen ved Natursenteret er vorte ei pryd for området, og vart dessutan i 2006 kåra til det beste serveringsstaden langs vegane i Hordaland og Sogn & Fjordane. Aktivitetsselskapet ”flatearth?” tilbyr sykling, kajakk, kiting, rapellering og mange andre spanande fritidsaktivitetar, seier Helge Møller.

Den nye cruisehamna i Eidfjord vart teken i bruk i 2005. Det året var 27 cruiseskip innom. Året etter, i 2006, steig dette talet til 65. Så langt i år er det meldt inn 55 båtar. Helge Møller opplyser at dette ligg litt etter fjoråret. – Men cruisebåtane som er melde inn er mykje større enn i fjor, slik at det vert ein stor auke i talet på cruisepassasjerar til Eidfjord, seier Helge Møller.

TOR SPONGA