— Vi er strålande happy med det som no skjer, seier Jonny Hesthammer.

I går var det god stemning i Emergy Exploration sine lokale i Kanalveien i Bergen.

Atlantic Petroleums kjøp av det bergenske oljeselskapet for 12,7 millionar dollar, cirka 73 millionar kroner, er i boks. Alle dei tolv tilsette er medeigarar og får nyte godt av verdistiginga.

Solgte for seks millionar i fjor

Jonny Hesthammer er største aksjonær, med 12 prosent av aksjane. For han betyr kjøpet at arbeidsinnsatsen og millionen han skaut inn under kapitalutvidinga i selskapet i fjor, er blitt til nesten ni millionar kroner i år. Halvparten av betaling er i kontantar, resten kan bli ei blanding av aksjar i Atlantic Petroleum og kontantar.

Også i fjor håva Hesthammer inn på eit selskap han sjølv hadde grunnlagt. Då selde han aksjar i Rocksource for rundt seks millionar kroner.

Fleire tilsette

Atlantic Petroleum er eit færøyiske selskap som er børsnotert i København og Reykjavik. Selskapet har lisensar i Storbritannia, Irland og Færøyane, i tillegg til to lisensar på norsk sokkel som følgjer med på kjøpet av Emergy Exploration.

— Eg synest dette er heilt strålande for oss. Vi har fått ein industriell eigar som kjem inn og hjelper oss opp, seier Hesthammer.

No står rekruttering av fleire tilsette øvst på timeplanen. Emergy Exploration blir eit dotterselskap av Atlantic Petroleum og skiftar namn til Atlantic Petroleum Norge, med Hesthammer som administrerande direktør.

— Vi kjem til å bli mellom 15 og 20 personar. Vi søkjer etter dyktige geologar, geofysikarar og reservoaringeniørar, seier Hesthammer.

Sikra drifta

Selskapet skal i første omgang vere eit reint leiteselskap, som analyserer data og er med på prøveboring for å finne olje i lisensar selskapet er medeigar i. Per i dag er det ikkje aktuelt å byggje opp ein så stor organisasjon at selskapet kan vere ein operatør som står for leiteboringa sjølv.

Emergy Exploration blei godkjent som lisenseigar på norsk sokkel 5. november i år.

Ei kapitalutviding på 23 millionar kroner i fjor, der fleire investorar var med på å skyte inn pengar, sikra drifta fram til færøyværingane kom med bod på heile selskapet tidlegare i november i år.

Ny start

Emergy Explorations er det andre bergenske oljeselskapet Hesthammer er med på å grunnleggje. Han var sentral då Rocksource blei etablert i 2004, men forlet stilling som teknologidirektør i dotterselskapet Rocksource Geotech i fjor vår for å starte Emergy Exploration.

Rocksource sprang ut av geofysikk- og petroleumsforskingsmiljøet ved Universitetet i Bergen, der Hesthammer har ei stilling som professor i geologi den dag i dag.

Lite snakkesalig

På topp var aksjane hans i Rocksource verdt rundt 60 millionar kroner. Men då han slutta i selskapet i mars i fjor, hadde verdien på aksjeposten hans falle til rundt 15 millionar. Børsfallet held fram ut over våren på grunn av ein dårleg leitesesong, men Hesthammer selde unna halvparten av aksjane før kursen stupte for alvor.

Etter Bergens Tidendes vurdering fekk han rundt seks millionar kroner for aksjane han selde i Rocksource. Resten av aksjane eig han framleis.

Han er lite snakkesalig om kvifor han slutta i Rocksource.

– Det er nok ei historie bak, som eg ikkje ønskjer å gå i djupna på, sa Hesthammer i fjor.