Den er stilig, seier Alexander Øvrebø i 8C til avisa Firda, men han må samtidig vedgå at han eigentleg har lite peiling på gris.

Også fredag morgon snøftar den vesle svarte grisen omkring på plenen utanfor skulen, der inspektør Dagfinn Lauritsen lar nokre elevar komme ut og helse på. Vi slepper han inn også.

— Han kjem til døra, og så opnar vi, vedgår Torbjørn Friborg, også han frå 8C. - Vi vil jo ha han her. Ja, den er søt, seier Therese Lundøy frå 8B. Lærar Thomas Haugsbø er derimot i ferd med å bli ganske lei av den gryntande gjesten. Den smett inn opne dører og går inn i klasseromma, så no byrjar vi å bli litt lei av den.

— Elevane misser konsentrasjonen kvar gong den dukkar opp, seier Haugsbø, som erkjenner at minigrisen kan brukast i undervisinga. Anten i naturfag, eller på skulekjøkkenet. Dermed skulle eigaren vere åtvara, skriv avisa.

(Arkivbilete)
FOTO: EPA