TIDLEG FREDAG MORGON:

Radioen melder at mannskapet på MF «Os» er tekne med promille. Alle trur det handlar om dei HSD-tilsette som sit i rettssalen på Stord tiltala for fyllekjøring med ferje. Men så blir lensmannen i Austevoll intervjua. Det er noko som ikkje stemmer.

Informasjonsdirektør Arild Sondre Sekse i HSD står på Florvåg Bruk for å kjøpa nokre skruar. Han får telefon frå ein av mellomleiarane i selskapet. Ein ny ferjeskandale er eit faktum.

Der og då får Sekse ein alvorleg kink i nakken. Den til vanleg så milde og mjuke mannen er noko så sjeldan som rasande sint, og sinnet held seg gjennom det eine intervjuet etter det andre. Han snakkar om at mannskapet må vera tette i pappen. Det må vera sterke ord frå den kanten. Det må på line med når folk flest seier både faen og helvete på ein gong.

Mellom 20 og 30 journalistar har han på tråden eller på døra før klokka er elleve. Alle får like klare meldingar om kva HSD-leiinga synest om dei tilsette som hadde fest om bord i M/F «Os» natt til fredag.

Det står ei skål med drops i HSD-resepsjonen.

— Er det alkohol i dei, spør journalistane.

Skip o'hoi. HSD-leiinga er ein knallhard festdrepar denne fredagen i august. Her må ikkje ferjemannskapet tru at Hufthamar er Rio eller at Leirvik er Shanghai. Eller at dwet blir tradisjon for talibansk aften i mannskapsmessa.

Dei tre som har blåse raudt i ballongen til Austevollslensmannen treng ikkje vera i tvil om at deira dagar er talde. Men for ordens skuld skal dei få lov til å forklara seg.

Ei av dei tilsette på hovudkontoret seier ho vil lata att døra når dei kjem, ho har ikkje lyst til å møta dei i korridoren, det vil bli så ubehageleg. Ho har jobba på ferje og kjenner fleire av dei som skal stå til rette for sine nattlege utskeiingar.

— Det er så trist dette her, det blir ikkje lettare enn det har vore å fortelja at ein jobbar i HSD. Av og til har eg helst lyst til å svara at eg jobbar på eit kontor i byen når det vert spørsmål om arbeidsplass, seier ho.

DET ER LUNCHTID I FERJESELSKAPET. - No går eg for eta, seier den eine. Ja, men du må for all del ikkje drikka, svarar den andre.

Arild Sondre Sekse har til no denne dagen fått to helsingar frå publikum der ute. Den eine frå ei dame som synest så synd på selskapet og som er så glad for at leiinga no seier klart ifrå. Den andre var ein mail frå ein mann som lurte på om Sekse hadde noko heimebrent til sals.

Ha ein fin dag! Står det med handskrift på ei lita tavle i HSD-kantina. Det er lov å prøva å løfta stemninga, kantina serverer til og med nysteikte vaflar med syltetøy og rømme. Det er nesten i overkant på ein dag som denne.

Stemninga er laber rundt borda. Folk snakkar om kor sjokkerte dei er, dei lurer på kva slags dømmekraft dei har som har vore med på dette. På den same ferja, same dagen som rettssaka etter den førre promillesaka på M/F «Os» starta. Styreformann Jakob Bleie er komen til HSD-huset for å vera moralsk støtte.

— Dette er ein vond og vanskeleg dag for HSD. Det som har skjedd er ille, særleg fordi vi har jobba så mykje og så grundig med arbeidsreglementet i det siste. På alle møte har dette vore tema. Alle veit at HSD sine reglar er klinkande klare når det gjeld alkoholbruk. Dette er spesielt ille for alle dei flotte medarbeidarane vi har som er pålitelege og dyktige og som gjer ein god jobb, seier Bleie.

Informasjonssjefen har fått mail frå ei ferje om at mannskapet der har ein tung dag, at dei vert mobba av passasjerane. Sekse kontaktar sjefen for HSD Sjø og ber han ringja opp til alle ferjene i løpet av dagen for å støtta mannskapet.

HARDANGER PÅ 1960-TALET:

På eit nes innforbi Øystese ligg ein liten gut og badar i bølgjene. Arild Sondre Sekse likar aller best bølgjene som kjem til lands når HSD-båten «Epos» dreg forbi. Dei er så bratte og flotte å hiva seg uti. Han skulle berre visst kva som ventar han.

Vesle Arild vaks opp med endelause ferieferjekøar langs fjorden den gongen kroneisen kosta ei krone, HSD-ferjene stort sett gjekk som dei skulle og alt som hadde med HSD å gjera var kjent og stabilt og trygt og godt.

Han fekk trua på HSD så til dei grader inn med morsmjølka, og skse har det med å halda seg til barnetrua. Av eigen fri vilje søkte han informasjondirektørjobben då selskapet låg nede for teljing, i år 2000, året etter Sleipner-ulukka. Mange meinte han måtte vera sprikande galen.

Han påstår at han gjorde det for å kunna vera med eit selskap opp og fram, og han påstår at han ikkje har angra en dag på at han tok jobben.

— Men eg må seia at eg lurte litt i dag då det gjekk opp for meg at vi har ei ny promillesak å ta hand om, så kort tid etter den førre. Eg var mentalt førebudd på å måtta fronta ulukker i HSD, eg hadde ikkje venta at det var brot på alkoholreglementet det skulle handla mest om, seier han.

Hadde han vore med styreformann Jakob Bleie på sommarjobb som billettør på 60-talet der inne i Hardangerfjorden, hadde han kanskje vore litt betre førebudd. Jakob Bleie og andre med intern kjennskap fortel at det slett ikkje var uvanleg med promillekøyrde ferjer.

— Det var den gong. Den ukulturen trudde vi at vi hadde kvitta oss med. Vi stiller heilt andre krav til mannskapet i dag. Å oppdaga at somme ikkje har oppfatta det er utruleg skuffande, seier Jakob Bleie.

HSD I FOLKEKULTUREN

«En liten fest er bare kos, helsing oss på MF «Os».» «HSD på sjø og land. Drita fulle alle mann.» Desse to dikta kom raskt på folkemunne etter at bilferja «Os» var på fylletur ved Sunde.

Jakob Bleie fekk begge på sms. Og han har teke vare på dei. No blar han dei fram på displayet og han les høgt frå endå ein sms:

«En ferge med anløp på Sunde, oppsøkte en uvillig kunde. Bilferja «Os», helt utan los, gjekk en ekstra og uventa runde.»

Han har ikkje fått nokon fleipande sms-ar til no i dag.

— Eg reknar med det er nokon som har ei kreativ økt, dei let vel høyra frå seg, seier han, vel vitande om at HSD er blitt eit takksam objekt for den frie folkediktinga.

Arild Sondre Sekse blir innkalla til møte med fleire av direktørane. Avisa må pent venta på gangen. To av direktørane kjem direkte frå HSD-rettssaka på Stord. Her er ikkje den eine promillesaka avslutta før dei står med begge beina midt i ei ny. Men det spørst om det hjelper at selskapet har lang røynsle i å setja sjøbein. Blåst er blåst i ballongen.

Har du forresten høyrt den om kapteinen og styrmannen som ikkje var spesielt gode vener. Ein dag skreiv kapteinen i loggboka: I dag kom kom styrmannen full på brua. Neste dag tok styrmannen hemn. Han skreiv: I dag kom kapteinen edru på brua.»

Skip ohoi. Arild Sondre Sekse har framleis kink i nakken, og barnetrua intakt.

<b>INGEN IDYLL:</b> Det var en gang tilsynelatande idyllisk i og omrkring HSD. I dag har informasjonsdirektør Arild Sonde Sekse det travelt med å handtera skandalar. <br/>FOTO: ODDLEIV APNESETH