Mellom to raude plastpermar på stovebordet i Gaupåsvegen ligg historia om det korte livet til Emil.

På dei første sidene i albumet er det bilete av mammas veksande mage. Glede. Tre månadar på veg. Så halvvegs i svangerskapet. Berre to månadar igjen.

På klinikken. Sorg. Den vesle babyen ligg inntulla i eit teppe, først i sjukehussenga til mamma, så i pappa sine armar. Dei neste albumsidene viser utklipp av dødsannonsa, bilete av kista, av likbilen og eit dikt med tittel «Begravelse».

Gamle folk Ikkje babyar Ikkje min baby Ikkje Emil

Ingenting hadde tyda på at Emils liv skulle ende så snart. Han var Eva Margreta (29) og Atle Lothes (32) tredje barn, og svangerskapet var svært likt dei to forrige.

Det einaste uvanlege var at ho fekk så vondt i sida rundt påsketider, berre ein månad før termin. Men legen konkluderte med at smertene ikkje hadde noko med svangerskapet å gjere. Nokre veker etterpå kom dei første riene.

— Vi tenkte: «No skjer det!», fortel Eva Margreta.

Så bar det til KK, men det var falsk alarm. Heim igjen til Gaupås. Snart ein ny bomtur til klinikken. Og endå ein.

Fredag kveld vart Eva Margreta uroleg. Ho kjende så lite liv i magen.

— Men etter alle bomturane kjende eg meg så hysterisk, og eg tenkte at no kjem dei iallfall til å le av meg.

Dei bestemte seg for å vente til neste dag. Men då dei kom fram til KK, var fosterlyden vekke.

— Den dagen vart verda vår snudd på hovudet.

Familien fekk sjå han

Obduksjonsrapporten viser at den mest sannsynlege dødsårsaka var oksygenmangel, som følgje av svikt i navlesnora.

Eva Margreta måtte likevel føde fram det døde barnet.

— Psykisk var det vanvittig tøft. Å ikkje ha noko mål for den harde fødselen, samtidig som eg grudde meg for det som kom etterpå, fortel ho.

Emil vart fødd 28. april 2002.

På førehand hadde foreldra fått spørsmål om dei ville sjå han.

— Vi var ikkje i tvil. Det ville vi. Det var naturleg for oss.

Brørne til Emil, Asbjørn (4) og Sindre (3), fekk også sjå han. Og besteforeldre og tanter og onklar.

I kista hadde Emil på seg kleda som mamma hadde strikka i svangerskapet, og han låg lunt under hekleteppet frå tante. Han er gravlagd på Møllendal kapell saman med oldeforeldra på farssida.

— Vi hadde aldri klart å kome gjennom dette utan familien, venene våre og lokalsamfunnet. Støtta har vore heilt fantastisk, fortel dei.

Mange spørsmål

Ekteparet rosar også oppfølginga frå KK etter dødfødselen. Ei sorggruppe i regi av klinikken har også vore til god støtte.

— Vi har så hektiske dagar med ungane, jobben og no eit nytt svangerskap. Det er godt å kome til ein stad der Emil står i fokus. Det er ei god hjelp for å fungere i kvardagen.

På forrige møte i sorggruppa vart BT-oppslaget om doblinga av dødfødslar på KK i fjor diskutert.

— Det var tøft å lese, og det vart ein spesiell dag for mange. Alle spør seg heile tida: Korleis kan dette skje, seier Eva Margretha til BT.

— At auken var så stor ifjor, og kanskje blir endå større i år, er skremmande, legg Atle til.

Ekteparet har store forventingar til at Haukeland universitetssykehus skal klare å finne forklaringar på kvifor så mange barn har døydd like før eller under fødselen.

— Ikkje for at nokon skal føle skyld. Men for at andre skal sleppe å oppleve det same som oss.

Sjørøvarskute frå Emil

I mai ventar familien i Gaupåsvegen sitt fjerde barn.

— Forrige gong var eg sikker på at dette ikkje kunne skje. No veit eg at det kan skje, fortel Eva Margreta.

Dei veit at det blir ei jente, og ho skal fødast på KK. Atle spøkar med at denne gongen reiser dei til Stord, og får barnet på sjukehuset der. Men nei.

— Eg er ikkje skeptisk til å føde på KK. Eg har alltid følt meg trygg der.

I dødsannonsa til Emil ba foreldra om eit bidrag til leikeplassen på Kalsås istadenfor blomar. Det kom inn 11.000 kroner, og ungane i nabolaget kan glede seg over ei flott sjørøvarskute på leikeplassen. Namnet på skuta?

«Emil», så klart!

EIT BARN FOR LITE: Ingen har så flott sjørøvarskute som leikeplassen på Kalsås. Skuta «Emil» har namn etter den vesle guten som døydde fullboren i mors mage i april i fjor. Derfor har BT-oppslaget om dei mange dødfødslane i Bergen gjort særleg sterkt inntrykk på Eva Margreta og Atle Lothe. Ekteparet har dei to sønene Asbjørn (t.v) og Sindre frå før. I mai ventar ho sitt fjerde barn. <br/> FOTO: HELGE SKODVIN