Eigaren og den daglege leiinga i Vest Tank var usamde om kva dei skulle gjere då Trafigura spurde om dei kunne ta mot avfallet frå «Probo Emu».

– Det kom til ein kraftig diskusjon på kontoret. Jostein Berland var innstilt på å seie nei. Fleire i leiinga var einige med han, sa Emblem i tingretten i går.

Omdøme

I 2006 blei Vest Tank kontakta av Trafigura om å ta mot avfall frå «Probo Emu». Dette var etter at det hadde blitt kjent at søsterskipet «Probo Koala» hadde levert sitt dødelege avfall i Elfenbeinskysten.

– Eg var kjend med det som hadde skjedd i Afrika. Debatten gjekk på om vi skulle risikere omdømet vårt for den negative medieomtalen vi kunne få. Eg sa at skal vi gjere dette, må vi sjekke med styremaktene. Syns dei det er OK, gjer vi det, sa Emblem.

Seinare melde Berland tilbake at styremaktene tykte det var greitt. Ifølgje Emblem var det også kontakt med Greenpeace. Dei meinte det var greitt at Vest Tank tok avfallet. Elles kunne det lett bli dumpa andre stader.

– Signalet frå Greenpeace var viktig, sa Emblem.

Stolte på Emblem

«Probo Emu» fekk kome, noko som gjorde at fleire Trafigura-skip kom til Gulen, der dei pumpa i land cokerbensin. Dermed starta Vest Tank også med avsvovling av cokerbensinen, noko som førte til tankeksplosjonen.

– Kjende du til avsvovlinga, spurde aktor.

– Nei.

– Dette var ein ny aktivitet. Ville det ikkje vere naturleg at det var ei sak for styret og styreleiar?

– Nei.

– Men «Probo Emu» var?

– Ja, det var ei sak som gjekk på omdøme, svarde Emblem.

Emblem opplyste at han overlét heile den daglege drifta til Berland og den andre leiinga i selskapet. Han hadde ingen kunnskapar om kjemiske pro-sessar, og var knapt på anlegget i Sløvåg i det heile. Økonomien passa han derimot på.

Bortsett frå disputten om Trafigura-skipet, nemnde han berre ei sak han hadde engasjert seg i: at så mykje avfall kom inn, men at så lite gjekk ut.

– Dette var vi lite nøgde med, noko Berland fekk klar beskjed om.