23. mai 2007 skreiv Trond Emblem og det estiske selskapet Alexela under ein avtale om overdraging av tankanlegget i Gulen. Alexela skulle betale 73 millionar kroner for Vest Tank. Dagen etter small det.

Likevel stod Alexela ved kjøpet. Ein endeleg avtale blei underteikna 31. juli 2007. Deretter overførte Alexela 33 millionar kroner til Emblem Eiendom AS. Resten blei halde tilbake i påvente av å sjå kor store kostnadene ville bli med opprydding og gjenoppbygging. I sluttavtalen frå siste dagen i juli, fekk Alexela også inn eit punkt om at dei kunne omgjere kjøpet 31. mai 2008. I sluttinnlegget til Bergen tingrett avviser Trond Emblem gjennom sin advokat Eirik W. Raanes heilt eller delvis alle krav Alexela kjem med. Alexela har brukt 65,4 millionar kroner på arbeidet med å fjerne innhaldet på tankane. Emblem meiner det har gått med mykje meir pengar enn nødvendig, og at han ikkje kan stillast økonomisk til ansvar for denne meirbruken.

– Emblem kan ikkje haldast ansvarleg for utgifter utover kostnadene med å ta hand om og fjerne innhaldet på tankane på forsvarleg vis og rimelegaste måte, skriv advokaten.

Han meiner Alexela skulle reparert reinseanlegget som blei øydelagt i eksplosjonen, og brukt dette til å behandle væska på tankane.

Trond Emblem avviser også krav om kompensasjon for tapt forteneste. Han meiner Alexela braut føresetnaden for å få slikt vederlag då dei gjekk i gang med ombygging til ein oljeterminal dei ikkje hadde driftsløyve til. Skulle dei ha rett til kompensasjon, måtte dei bygt opp at bedrifta slik ho var då dei tok over.