• Dette vert ein hybrid av McDonalds og Godt Brød, seier Aslaug Moi Frøysnes og ser seg rundt i huset med knallgrøne vegger.

HILDE KRISTIN STRAND

— Dette er det grøne hjørnet, smiler Aslaug Moi Frøysnes.

Snart opnar ho og to andre kunstnarar vegetarhurtigmatkafé i det som må vera den mest fargerike gata i byen. Ved sidan av Witchy Bitchy, som driv med tatovering og piercing, har kunstnarane malt eit hus knall grønt. På innsida skal det serverast sunn vegetarmat.

— Det hender eg vaknar klokka tre om natta og har drøymt at det er lange køar utanfor, og så greier me ikkje å ta oss av alle kundane, ler Aslaug Moi Frøysnes.

Sjølv om arbeidet er godt i rute, og det enno er nesten tre veker til opninga, innrømmer ho at ho er litt nervøs.

- Treng ei haldningsendring

Aslaug vart kjent gjennom tv-programmet Farmen. Sjølv har ho vore vegetarianar sidan 12-årsalderen, og under opphaldet på garden fekk ho dei andre deltakarane til å eta grønt i staden for å slakta dyr.

— Eg byrja å leika med tanken om å starta vegetarkafé for om lag tre år sidan. Etter opphaldet på Farmen er det mange som har tatt kontakt med meg og sagt at eg har gitt vegetarismen eit andlet. Og då tok eg fram att idéen, fortel ho.

Aslaug er vegetarianar av etiske grunnar.

— Eg er mot behandlinga dyra får i industrien. Og det er heller ikkje sunt og ikkje naudsynt å eta kjøt. Eg trur det må ei haldningsendring til. Det vert produsert nok korn i verda til alle menneske, men no vert nesten halvparten brukt som dyrefór for å skaffa meir kjøt, seier Aslaug engasjert.

På kaféen, som har fått namnet Viva las Vegis, er menyen heilt vegetarisk. Og på sikt er planen òg å basera seg nesten 100 prosent på økologiske varer. Ein håpar å nå både barnefamiliar og ungdom.

Elvis i taket

— Forretningsidéen er ein hybrid mellom McDonalds og Godt Brød. Eg er imot mykje av maten som vert servert på McDonalds, men konseptet er bra. Me satsar òg på det barne- og familievennlege, og i andre etasje vil det vera leikekrok og bord der ungane kan teikna. 10 prosent av overskotet vårt skal gå til ein organisasjon som jobbar med naturvern, dyrevern eller økologisk landbruk.

Råvarene er meir i tråd med Godt brød, medan menyen er sett saman av vegetarburger, vegetarpizza, vegetarpai og «veggidog», for å nemna noko.

Aslaug er kunstnar og elvisfan. Og Elvis viser att i mykje av kunsten hennar. Det vil han også gjera i kaféen. Ein elvisfigur kjem til å pryda utsida av huset. I takluka kjem det til å verta montert ein annan som ein ser uansett kor ein sit i rommet.

— Me som skal jobba her kjem til å ha på oss grøne, elvisinspirerte klede. Elles kjem eg til å henga opp nokre av silketrykka mine på veggene. Dei er i knallfargar, eg trur ikkje det er så mykje anna som passar her, ler Aslaug Moi Frøysnes.

OVERSKOT: - Me fekk nokre reaksjonar då me malte, men har fått masse positive tilbakemeldingar frå folk i alle aldrar, smiler Aslaug Moi Frøysnes. Snart opnar kaféen der tanken er at alle skal føla seg velkomne og kunne eta sunt.<br/>Foto: KNUT EGIL WANG